Historikk: |
Furulund vart fråskild frå Dovreskogen bygdealmenning i 1922, det står skrivi om handelen:
«Til Berte Dahlager utmåltes 1 mål byggegrund beliggende hvor før Freiheim lå, og følger tomten hovedveien i 45 meters længde fra stabbestenen i veikanten over stikrenden litt nord for veikrysset til Brennhaug st. Og videre nordover. Bredden fra veikanten til elvekanten utgjør 22,2 m. Stedet skal kaldes Furulund pensionat. Den omforenede kjøpesum er kr 750,-»
«Freiheim» var nok det samme som Friheim. Losje Dovreskogen stifta i april 1908 og flytta inn på Friheim som var nybygd i 1910. Var nok eit dårleg isolert hus, det
seiast et sekretæren skreiv med vottar på. I 1920 vart Friheim solgt og Losjen vart husville før Skogvang vart bygd og dei vart medeigare, og fekk fritt hus, unnteke vask og fyring. Losjen hadde eiga fane som delvis vart øydelagd av tyskerane under krigen. Losje Dovreskogen feira 80-års jubileum i april 1988 på Toftemo, ca. 25 var tilstede.
Gudrun og Anton Jøndal dreiv hotellet ei periode fram til det brann i 1940. Anton dreiv nok med sitt, så Gudrun hadde med seg syster si, Kari Sveine. Dei hadde mange gjestar, og det vart eit samlingssted for ungdom frå både fjern og nær. Dei hadde biljard og det var kiosk med ulike småvarar.
|