Historikk: | Furuheim/ Brennhaug Gjestgiveri 75/26
0517475-6865518
Etter at Furulund brann leigde Gudrun og Anton Jøndal ein voktarbolig rett opp for Furuheim. Gudrun sa «vi hadde berre ei «spikjipysje og ei kasse flatbrød da vi flytta inn her, som vi fekk frå heime.»
Her og opna Gudrun kafe, ho selde middag til arbeidarar frå alle kantar.
I 1943 kjøpte dei Furuheim, Brennhaug Gjestgiveri som dei dreiv til rundt 1960. Det var heilårsdrift, full pensjon for handelsreisande, stasjonsbetjeninga, tømmerfløytarar, vegarbeidarar og turistar. Otto og Ola Eide frå Dombås låg her lenge da dei måla jerbanestasjonar. Turistane var det flest av i jula, påska og somaren, det var ofte danskar. Det var mange gjestar heile året.
Gudrun hadde dei fleste fasilitetar som kafe, og kiosk med is, brus, tobakk osv. Det var ein disk i kafeèn som var att etter butikken som Blaker dreiv fyrst.
Innanfor kafeèn var telefonsentralen på Brennhaug.
For å drifte alt dette hadde Gudrun hjelp av Helga Brun og systera Astrid Aas.
Sanitæranlegget var fyrst utedo og vaskestell på romma, men rundt 1950 fekk dei toalett og badekar i kjellaren. Liv meinar det var av dei aller fyrste badekara i bygda.
Klesvask tok og mykje tid kvar dag, fyrst kokast i panna i kjellaren så skyllast i elva, tørkast og rullast før sengane på ny vart oppreidde.
Dei hadde ei ku som ga mykje av mjølka dei trengte, to grisar, nokre høner og to gjess Hans og Grete. Hans vart sjuk og døde, Grete vart ensom og vart slakta, men Gudrun greide ikkje ete kjøttet så den fekk Tullik på Turisthotellet i Dombås.
Blå rute:
Liv Rindal fortel:
« Ferietur for familien
I påska 1950 hadde vi gjestar frå Danmark som hadde bestilt opphald gjennom eit reisebyrå i Danmark. Da dei skulle reise att hadde ikkje pegane kome, mannen i familien var så lei seg at han ga Gudrun eit fint sigarettetui om ikkje pengane kom.
Ingen betaling kom i løpet av eit år, da bestemte mor at familien Jøndal skulle på ferie til København, fyrste og siste ferieturen vår.
Vi reiste med tog og måtte gjennom tollen på grensa. Den gongen var det ein liten bestemt pengesum ein fekk ha med seg. Derfor la far pengar nederst i ein smørask med smør oppå, og pengane vart med til Danmark.
I Kjøbenhavn var mor bestemt og målretta, ho sette att meg og far i byen og oppsøkte reisebyrået sjølv, som da sjølvsagt var opphøyrt.
Men ferie vart det!»
|