Historikk: | Sett opp av Emil Bjørnsgard (1906-2000), med god hjelp av Hans S Bjørnsgard på 1940 talet. Var brukt som kvilebu under forkjøyring frå sætre (Mesætre). Turrforet som overvintra på sætre vart som regel heim kjøyrt om våren mens det enda var sleaføre. Emil og Hans kjøyrde 20-25 lass, noko dei brukte ca ein månad på. Det var hardt arbeid i alt slags vær for både folk og hest, så kvile var nødvendig. Siste lasset med hest vart henta våren 1951, frå da kjøyrde dei lastebil og bua vart overflødig. Hans S fortel: Fire hestar med lass var på tur heim nedunder Bjørnsgardssætre da ein qven(tjenestegut)tykte dette gjekk seint, så han fekk hesten i fart og skulle kjøyre forbi dei andre, men heile lasset havna i elva. Det vart mye ekstra arbeid og ein kar mindre, qvenen måtte få gå på Bjørnsgardssætre hjå Edvard og Ester å få skifte. Oss tri andre syntes nesten det var stygt å sende han dit for han prata og masa i eit sett. |