Historikk: | Engelshus gard 53/4
0514045-6870481
Engelshus gard er ein gamal gard frå 1700-talet med fleire gamle hus.
Hildrun og Magne Granseth leigde Torbjørn Kraugerud og Odd Drogen til å restaurere søre stugu og midti stugu i 2008. Aurbu og eldhus restaurerte Sigmund Rindal og Magne. Aurbua har sovesal med enkel overnatting, eldhuset har to sengeplassar, gammalstugu har fem og midtistugu har tolv sengeplassar.
I 2011 opna dei for overnatting for pilegrimar.
Dei fekk 25 sengeplassar fordelt på desse husa, det vart ofte fullt nok med gjestar.
I «gammelstugu» hadde dei tre dusjar og to toalett.
Dei hadde pilegrimane i både kost og losji. Frokost, nistepakke og tre retters middag kvar dag i sommarhalvåret.
I tillegg spanderte dei kaffe og kake på alle gjestane når dei kom. Matlaging og servering hadde Hildrun og Magne inne i privathuset.
Det var vanskeleg å beregne kor mykje mat ein skulle lage til middag, dei aller fleste kom uanmeldt utpå eftaen. Det var og vanskeleg å veta om diettar, vegetar og andre spesielle ynskjer.
«Brennhetusupe» var ofte forrett og kjøttkaker var ofte hovedrett.
Magne fortel: «Ein gong kom det fire svoltne gute, døm delte ei stor ribbe og åt ti kjøttkaker kvar attåt forrett og dessert.»
Her kunne gjestane òg få vere med på takkebakst av flatbrød, lefse, «tunnkaku og rummebrød.»
Sengane var oppreidde, kleda vaska og romma var vaska kvar dag.
Dei hadde aldri tilsette.
I 2019 bestemte dei seg for å slutte med servering frå neste år. Det passa bra da Covid 19 kom i 2020.
Sjølvbetjening på pilegrimskjøkenet i kjellaren i gammelstugu vart mykje enklare, sjølv om dei måtte fylle opp med både brød og- middagsmat. Dette vart meir som ein kiosk. Her hadde gjestane tilgang til to oppvaskmaskinar, vaskemaskin og tørketrommel.
Engelshus har seter på Tollevshaugen i Grimsdalen, den leigde dei og ut.
I 2021 avslutta dei overnattinga. Nå leiger dei ut gammelstugu til Hjerleidelevar og er godt fornøgde med det.
Hildrun og Magne avsluttar med:
«Det var ei trivelig tid, men mykjy arbeid og alder fri om sommaren.»
|