Historikk: | Kråkvoll bensin og kiosk (31/4)
0511148-6875264
Mathias og Ingrid Ruste dreiv Kråkvoll (31/4) frå 1897, dei starta utleie til tater tidleg på 1900- talet, når tateren fekk hus gjorde dei ikkje noko gale på stedet.
Sonen Agnar Bernhoff fekk frådelt Kråkelon (31/5) i 1941. Han fortsatte med handel og bensin, Esso hadde ei bensinpumpe her frå fyrst på 1950-talet. Agnar bygde opp bensinstasjonen, etter eit krav frå leverandøren Esso.
Peder Rukke tok over i stasjonen i 1969, han fekk da bygd opp ein liten kiosk på utsida av stasjonen.
Systrene Lien, Ingeborg, Signe og Ingrid tok over stasjonen i 1973, dei utvida til selskapslokale og catering.
Barnebarnet til Ingrid og Mathias, Magnar Erling Kråkvoll kom heim og tok over Kråkvoll 31/4 rundt 1970. Han og kona Reidun starta da med utleie av rom til turister. Dei hadde tre rom i «gammel stugu», to rom i «Karistugu», tre rom i «snekkerstugu» og tre rom i «kvitstugu» lengst nord på tunet.
Sanitæranlegget var servanter på kvart rom, med kaldt vatn som måtte bæres inn i bøtter. Toalettet var felles med to utedoer.
Dei hadde fleire gjester som kom att kvart år, både norske, svenske og danske.
Magnar og Reidun dreiv camping til rundt 1995.
|