Historikk: | Budsjord 34/1
0511728-6875973
Budsjord er ein gamal middelalder gard som i gamal tid nok var ein biskopsgard.
Oluf Rygh skreiv: «Garden etter Jordebogen af 1557, maa have tilhørt Erkestolen eller Erkebiskoppen i Nidaros.»
Kor mykje garden var vertshus og losji veit ein ikkje sikkert, men stallen i dag er frå 1600-talet, og det er sagt at den fyrst var vertshus for reisande. Dei andre husa, 17 i alt er frå 17-1800-talet.
Dei fyrste husa vart freda i 1923, nå er heile tunet freda.
Garden var i drift med husdyr fram til 1958, da kjøpte Nystugu Killi 29/1 garden. Aksel og Mathias Killi kom i gang med «vøling» av husa i 1965. Stallen var da heilt nede og vart sett opp att av delvis nytt «vyrkje». Alle husa vart sett i stand, og sist på 1980-talet kunne husa takast i bruk.
Aksel Killi leigde ut søre stugu til ein gjeng med ungdommar på 1970-talet dette fortsette ut på 80-talet da som småbarnsfamiliar.
Åshild og Mathias Killi starta med enkel severing og omvisning fyrst på 1990-talet, frå 1994 var det dette dei levde av og for, alt innbo var på rett plass i alle hus. Dette utvikla seg etter kvart, det kom bussar på lunsj og omvisning, flest norske men og mange utanlandske bussar. Nordmenn ville ha «rumgraut og spikjimat», utlendingar fekk meir som koldtbord.
Lokale arrangement hadde dei frå mai til jul, konfirmasjon, bursdag, bryllup, julebord både ute og inne. Bygdafolket var gode kundar.
På 1990-talet tok pilegrimsvandringa seg opp, og det vart ordna med enkel overnatting i dei husa som egna seg. Stallen fekk ei madrasse i kvart «spiltrog», og i eldhuset var det tre senger og godt og varmt. Restaurering av eit hus eller eit tak pågjekk kontinuerlig kvart år.
I 2012 vart tunet med husa fråskild frå jorda og seld til Erik Fendstad Langdalen.
|