Historikk: | Grønvoll camping (31/3)
0510795-6875648
Foreldra til Steinar Ola Landheim åpna campingplassen Grønvoll rundt 1955 og dreiv til rundt 1963. I 1960 kom ny E6 og delte plassen, og drifta vart vanskeleg.
Campingplassen hadde ikkje kiosk og hytter, men god plass for telt. Plassen låg der Arne Haugerud bygde hyttene sine. Plassen var på ein måte delt i nedre og øvre av eit skogholt. Utedoen var i skogholtet, og måtte tømmes ofte.
Steinar hugsar at kl 21.00 kvar kveld gjekk han og mora og tok inn betaling frå teltgjestene, kr 2,- pr telt og kr 1,- pr bil.
Gjestene var flest norske men og svenske og danske, dei låg ofte i fleire dagar. Nokre av gjestane vart godt kjent med vertskapet, Steinar hugse dei var hjå ein i Danmark på ferie i 1964, og han har fortsatt kontakt med ein familie i Sverige. |