Historikk: | Skeie Gard (25/1)
0510884-6876912
Skeie Gard er eit freda gardsanlegg med stor husmasse og tradisjonell gardsdrift.
Liv Skogsrud Vigenstad og Sæmund Vigenstad starta i det små i 2000.
Da fekk dei laga sanitæranlegg og åtte utleigeinheiter med 20 sengeplassar, og dei hadde telt-og campingvognplassar.
Det viste seg at for utlendingane var det den enkle standarden dei var ute etter.
Det var fleire av gjestane som vart i fleire dagar, og dei kom ofte att år etter år.
På Skeie er det flott utsikt og ikkje minst mange turmoglegheitar, både til fjells og i bygda, med start frå stugudøra.
Liv og Sæmund prøvde og med selskap som bursdagar og liknande, men det vart mykje arbeid for lite.
Turismen vart avslutta i 2014, da ny eigar tok over.
|