Historikk: | Bjørkhoel camping (22/4)
0509207-6877512
I 1964 kjøpte Thor og Guri Hoelsbrekken gammelhuset frå Brunshågån og sette det opp på tomta der sonen Terje og kona Anne Margrethe bur i dag.
Huset vart da brukt som utleigehytte i 1965. Dette ga meirsmak, så i 1966 bygde Thor og Terje fire nye hytter. Åtte i 1967 og to i 1968.
Hyttene fekk kvart sitt hytte nummer, men hytte nr. 13 var det ingen som ville bu i, spesielt nordmenn tenkte meir på slike ting den gongen.
Kiosk fekk dei i 1967, det var ein Døla-is kiosk frå Frich.
Thor og Guri hadde kiosk med is, brus ,sjokolade og elles litt småtteri.
I 1972 kjøpte dei ei Thøringhytte til kiosk, den vart hytte i da ny kiosk kom i 1994.
Sanitæranlegg med dusj o g wc bygde dei1972
Om sommrane var Guri på sætra så Thor og Terje måtte ordne med turistane.
Det var vanleg at campingplassen var stengt til kl 16, slik fekk dei gjort arbeidet på garden attåt.
Dei hadde mange trofaste gjester som kom år etter år og i generasjonar.
Sist på 1960 var det mange svensker her, mykje var billigare i Norge enn i Sverige, som sukker
Guri fekk nytt hus med bad og kjøken i 1991, ho budde der sine siste år. Dette var greit for ungfolket da ho tok seg av kiosk og andre sysler.
I 1994 overtok Terje og Anne-Margrethe campingen og garden, og driv fortsatt. Dei budde da i ei campingvogn på plassen, det var lettvint mot å køyre opp og ned.
Det vart bygd ny kiosk og nytt sanitæranlegg i 1994,Terje hadde med seg Arne Vorkinn og Mathias Killi under bygging.
Dei var og med å sette opp åtte nye hytter, Nr 1 i 1995.
I kiosken hadde dei både is og brus, toalettsaker, suvernirer, varme pølser og vekeblad, men gjestane ba ofte om meir som fersk brød til frokost.
Rundt 2012-13 avsluttet dei kioskdrifta, det vart da opne butikkar langt utover kveldane.
Dei har hytter med dusj og WC, og hytter med berre WC. Åpen i sommersesongen.
Dei siste åra er det fleire bobilgjester somså på Dovrefjell og kjem ned innimellom for å vaske klær,dusje og tømme septik, detter er eigentleg ikkje greit, ingen inntjening.
Foreldra til Anne-Ma hadde ein gong telt-campingplassar langs E6 frå Lillehammer til Bjørkhoel, det var 72 stk.
Frå artikkel i Gudbrandsdølen Dagningen 24. juli 2001:
TOPPKARAKTER I «TURISTENES BIBEL»
«Det er forfatteren av reisehåndboken Lonely Planet som gir turistbedriften til Anne Margrethe og Terje Hoelsbrekken den rosende omtalen. Boken regnes for å være turistenes bibel. Den fine omtalen forplikter, og så har da også vertskapet klart å tredoble turisttrafikken de årene de har drevet campingplassen!
De visste ikke at forfatteren Deanna Swane hadde bodd i en av hyttene. To år etter kom boken, og vertskapet ble tipset av andre om den forpliktende omtalen.
|