Historikk: |
Faksfall camping (20/2)
0508136-6878762
Simen og Astrid Killi starta med campingplass rundt 1955. Området dei brukte var mellom Lågen og E6 frå Ulekleivsbrua og sørover mot Faksfall Sag.
Her hadde dei kiosk som sto på øversida av E6 der ein køyrer opp til Berget. Her hadde dei eit kjølelager for is. BILDE
Simen og Simen Berget sette opp dei to fyrste hyttene oppe ved garden i 1963, seinare vart det sett opp to nye hytter kvart år, til dei hadde 27 stk. ???????????
Sanitæranlegget vart bygd på 1970- talet.
Simen og Astrid gjorde alt for turistene, dei hadde fleire faste gjester som har kome att kvart år, flest norske, svenske og tyske. Dette gav etterkvart godt og varig vennskap.
Priser på den fyrste plassen var kr 1,- for dagkvile og kr 5,- for døgnkvile, dette måtte Astrid eller Simen gå rundt og samle inn.
Sonen Arnfinn Killi og kona Marit overtok i 1989. Dei har restaurert hytter, og dei har sett i hop to gamle og fått nokre som vart litt større. Det er pr i dag og fire nye hytter.
Dei bygde seg nytt hus der kjeller vart kiosk og resepsjon i ???????
Sonen deira Bjørn Killi og kona Wenche overtok rundt 2010. Dei driv camping for fullt om sommaren. |