Historikk: | Ulekleiv camping
0507776-6878771
Campingplassen låg mellom E6 og Lågen i Ulekleiv. Det var Hans og Solveig Ulekleiv som starta opp campingplassen i 1973. Dei kjøpte ni hytter frå Skogheim camping hjå Tønseth på Dovreskogen og fem Thøring hytter.
Det vart sett opp sanitæranlegg, plass for 20 campingvognar og fleire teltplassar. Det var ikkje kiosk på campinplassen.
Hans døde same året, men Solveig dreiv plassen i 5-6 år før sonen Håkon og kona Elisabeth tok over drifta.
Dei drifta plassen til 2007, dei fleste hyttane er nå selde.
BLÅRUTE!!
Avisreklame 1984:
PÅSKEN
Hytter ledige. 2- og 4-mannshytter. Alle med kjøleskap og kokeplate. Helst familie.
ULEKLEIV CAMPING DOMBÅS
tlf 062/41232
|