Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Liadroget - 3779 mJohus - 4077 mHågåmåsåhus - 4365 m

Opplysninger om Lie Camping.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1035
Område:Østsida nord for Grimsdalsvegen.
Plassering:Lie
Koordinater: 32V 0506358 6880893
Bruk: Hytter, kiosk, camping
Historikk:Lie camping (16/2) 0506358-6880893 Fyrste skysstasjonen på Dombås var på Lie, ein veit ikkje sikkert når, men at skysstasjonen var der i 1834 er sikkert. Da kjøpte engelskmannen Samuel Laing seg ein liten hest på Laurgard, og kom fram til Lie same kvelden. Samuel konkluderte med at hest måtte ein ha om ein skulle sjå noko på turen, og for å koma raskare fram. På Lie fekk både han og hesten overnatting og god mat. Skysstasjonen på Lie vart nedlagt og flytta til Søre Dombås i 1852. Sidan det store vegkrysset var i Dombås var Lie uansett ein omveg for vidare tur. Magnhild og Helge Lie dreiv Lia Camping frå 15. juni 1965. Navnet vart forandra til Lie Camping i 1975. Det vart sett opp seks eit-roms Thøringhytter i 1965-66, fire hytter sist på 1960-talet og dei to siste i 1975. Det vart bygd eit kombinert kioskbygg og sanitæranlegg i 1965, som var i bruk til 1976. Det var høgtspylande toalett med tank på veggen over kvart toalett, når ein drog i kjettingen kom vatnet i eit grovt røyr ned i toalettet, som hadde lokk av tre. Sist på 1960-talet sette dei opp eit dusjhus ved utedoane. Nytt sanitæranlegg vart bygd i 1977, med dusj og toalett. I eine enden av dette bygget fekk dei eit stort opphaldsrom med fjernsyn. Dusjhuset vart nå omgjort til hytte, fløtt 30 meter, er grøn og den einaste som står att idag. Hytta hadde nr 13, men ingen ville ha det nummeret så det vart hytte 1B. Lie Camping kunne ha opp mot 100 teltgjestar i døgnet. Med nytt sanitæranlegg i 1977 vart det og ny kiosk. Dette vart da som ein liten butikk med mjølk, brød, boksmat og magasinblader (tidleg 1980). Godteri, is og brus samt souvenirar var gjeve saker. Souvenirane den gongen var små husflidsvarer, nøkkelringer og postkort. Lie Camping var ein NAF Camping, open i sommarhalvåret. På campingplassen var det eit huskestativ for unger. Om vinteren var det hoppbakke her for lokale helter, fram til fyrst på 1970-talet. Lie Camping vart stengt 3. august 1999, Thøringhyttane vart seld fyrst på 2000-talet. INFO OM DEI SOM HADDE SOMMERJOBB KJEM I EIGA «RUTE» DET GJER OG DEN TYSKE JENTA (eller skal det i Dovrebygda)
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Hans Martin Li, mk, "Skysstell og skysstasjonar i Gudbrandsdalen" Arnfinn Engen

Registrert av:Merete Killi Moastuen