Historikk: | Midtskog hytter og caravan (6/16)
0506497-6883087
Per Thoresen hugser å ha sett ei skilt, kvitmåla med telt påtegna som truleg var frå før krigen.
Inger og Leif Kåre Høgevold begynte med campingplass i 1964, da kom det eit tysk par og spurde om dei fekk sette opp teltet sitt i hagen deira. Noko dei fekk og som Inger bestemte seg for å fortsette med. (FOTO)
Så i 1965 bygde dei ti Thøringhytter på 9m2. Utedo for kvinner, «Hønefoss» og for menn, «Dunderlandsdalen». Hyttene fekk navn etter dalfører som Østerdalen og Numedalen.
Inger treivst godt med turister og ho gjorde alt ho kunne for dei, ho hadde god orden og laga plakatar o.l sjølv. Ho hadde vask av hyttene og samtidig betjente ho for det meste kiosken.
Åtte nye litt større hytter vart sett opp i 1968.
Kiosk fekk dei i 1970. I kiosken selde dei det meste, is, brus, brød, mjølk, Dølamat produkter, pølse, pizza og «erter kjøtt og flesk».
Nytt dusj og toalett hus vart sett opp i 1973, det gamle vart da til ei hytte.
Per og Anne Brit tok over rundt 1970, men hadde da vore med i drifta fleire år tidligare.
Rundt 2010 sette dei saman to hytter til ei og fekk fire med dusj og WC, tre med to rom utan vatn og to hytter som fekk vera som dei var.
Det vart installert 30 strømpunkt for campingvogner.
Gjestane har vore frå Tyskland og dei nordiske land, flest nordmenn da spesielt møringer (rundt 1970) på bærplukk, og på ski i påske og vinterferie. Mange av dei vart stamgjester. Nå er det opent kun om sommaren p.g.a corona og at det vart mykje bråk og fest i påsken.
Anne Brit fortel: «midt på 1970-talet stengte vi plassen mellom kl 12.00 og 13.00 for å vaske hyttene, da var det lang kø som venta på plass».
|