Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Liadroget - 3208 mSpeidergamme - 4027 mJohus - 4280 mGamme ved pukkv - 4418 mHågåmåsåhus - 4531 m

Opplysninger om Viking Inn, Cafena, Caroline Cafe.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1038
Område:Dovrefjell sør for E6 til vannskillet.
Plassering:Fosshaugbygget
Koordinater: 32V 0506521 6882227
Bruk: kafe
Historikk: Fosshaugbygget vart oppsett i 1967 av Einar Nyseter og Co, byggherre og eigar var Reidar Fosshaug. VIKING INN, eigd av Norsk spisevognselskap (NSS) opna dørene Pinsaften 1967. Det var stor fest, fleire talar òg frå ordførar Erland Rykhus. Namnet Viking Inn var det NSS som bestemte, det var eit hotell i Oslo, Hotell Viking dei ville prøve å vidare utvikle, men vart berre på Dombås dei lykkast. Utanfor kafeèn stod skiltet med Vikinghjelmen, den er på Storrusten verkstedet pr. i dag. Viking Inn hadde 125 sitteplassar på 200 m2, ingen trapp, godt skjulte søyler og lun triveleg innreiing. God plass på kjøkkenet og rundt ved disken, det var òg ein liten kiosk i eine enden på disken, ei kort periode, den tok opp mykje plass. Laila Karin Hjellødegård Wick (1943) hadde arbeid på jernbanerestauranten frå 1963-1965. Frk. Gundesbø var bestyrerinne og Laila bestyrerinneassistent. Laila fekk jobben som bestyrerinne på Viking Inn og hadde arbeid der i tilsaman 18 år, eit par år var ho i Oslo på anna arbeid. Som bestyrerinne var det mykje å halde orden på, ho hadde ansvaret for økonomien, investeringar, vedlikehald, lønn, budsjett for neste år, dei ansette, bestillingar og ikkje minst den daglege drifta. Laila hadde flinke folk i arbeid, der dei fleste var over fleire år, om sommaren hadde ho 7-8 ekstra i arbeid som Ragnhild og Bjørg Skomakerstuen med fleir. På kjøkkenet var Anna Leirmo, Inger Randen, Haldis Killi og Hanna Hjelløkken faste over lang tid. Reinhald og fast hjelp var Ingeborg Skomakerstuen, medan Haldis Melien, Synnøve Fosshaug, Kirsten Forseth med fleire stod i kassa. ??????Magnhild Kristiansen (GAGGA)?????? Arnhild Kristine Berg Selsjord var på kontoret for Viking Inn sommaren 1971. Menyen på Viking Inn var spennande, grillretter med ny, moderne mat som hamburger, pølse og pommes frites, det hendte at pommes fritesen vart servert med brun saus eller speilegg på toppen, men stort sett var pommes frites seld i «snytpåså». Dei hadde og eksotisk mat som Hawai svinekotletter, fritert rødspette m.m. I disken var det vafler, lefse og andre heimbaka kaker Maten og matprisane vart noko diskutert, ein dagens med fritert rødspette til kr. 10,-. Hamburger kr. 8,25 og biff til kr. 17,-. Ein solid kaffekopp og lefse etter middagen gjorde måltidet perfekt. Skigruppa på Dombås var med og arrangerte disco/hyggekvelder for ungdom ei periode. Viking Inn hadde disco kuler og god plass for dans. Her var det og selskapslokaler for konfirmasjoner, bursdager, møter, bingo m.m. BLÅ RUTE «Ingeborg var nøye med reinhaldet og brukte kun salmiakk, kanskje det var noko av grunnen til at Caroline fekk «Reinholdsprisen» av bladet «Servietten» i nr. 1 1987. Laila meinte nok at dei hadde noko flaks òg, det var akkurat skifta gardiner, stolputer og tepper, toaletta var pussea opp i 1986. (foto av premien) Laila fortalde til Servietten: Vi er en godt sammensveiset gjeng som alle er opptatt av å fornye og forbedre stedet vårt. Et år var vi dessuten på studietur til Trondheim, hvor vi besøkte flest mulig steder for å se på positive og negative sider. Det var inspirerende for oss alle og ga oss en flott mulighet til å komme utenfor husets fire vegger for å se på vår egen Caroline med nye øyne. Vi var òg med på flere markedsføringsturer, oftest en uke om høsten. Vi presenterte oss for bussreiseselskapene, noe som har vist seg å gi stor respons. Det er særlig selskapene i Ålesund, Molde, Trondheim og Kristiansund vi tar sikte på.» ______________________________________________________________________ Frå ein attest Laila fekk i 1989, denne fortel noko om dei ulike namna: «Herved bekreftes at Laila Hjellødegård har vært ansatt som bestyrer for Caroline Cafè på Dombås, først i A/S Spisevognselskapet fra 1. august 1971, og fra fusjonen mellom A/S Spisevognselskapet og Narvesen A.S i 1976, i Narvesen A.S frem til 1. April 1989.» Geir Magne Harby og kona Eva Blæstrud (1948) dreiv Viking Inn ei kort periode, dei budde på Dombås frå 1969-71. Laila var da i Oslo på arbeid, i 1971 vart ho nærmast «Hedhunta» attende til Dombås. Nytt namn i 1977-78, Cafena Dombås. Truleg vart «hestkafeèn» starta på Cafena rundt 1980, nokon av dei ivrigaste var Iver Nilstad, Nils Gråberg, Jan Govatsmark og Jørn Gråberg. Her er ein usikker på om Cafena eller Solglytt var fyrst med hetkafeèn.?????????????????????????? Det var ein fusjon der Narvesen Servering dreiv Cafena og jernbanerestauranten på stasjonen. Dei søkjer etter dagleg leiar eller kommisjonær i 1989, i salgsannonsa står det at ein skal drifte sjølv, det er 150 sitteplassar, og ei omsettning på 2,5 mill. kr. i året. Narvesen Servering er ei kjede som har 20 cafèer beliggende i eller ved trafikk-knutepunkt rundt om i Norge. Narvesen kafe (N-cafe) vart seld til Dag og Anne Jacobsen frå Lysaker i 1990, han døde i 1991. Anne og Dag skifta namn på kafeen til Cafe Jacob der dei hadde 65 sitteplassar. Anne dreiv Cafe Jacob til mai 1993. Cafe Jacob vart seld til Arnstein og Anna Johansen frå Dombås i 1993, som òg dreiv restauranten på Dombås stasjon. Dei forandra namnet til Jegerkroa, som dei selde 15. april 1996 til brødrene Ola og Per Huang frå Kina. (FOR 500000 I PÅSÅ) Per og Ola Huang, brødre frå Kina, kom til Dombås og leigde lokaler i Fosshaugbygget av Øyvind Frich, her drifta dei ein fem stjernes kinarestaurant, Shangrila Huang. Dei var veldig spesielle. Ola hadde leiligheit over Merkur, der hadde han to senger, ei å sova i, og ei å tenke i. Per og Ola var nok ikkje så nøye med reinhald til tider, det vart klipt tånegler ved kassa, dei hadde arbeidsjakker til uniform, og drakk øl offentleg på kjøkkenet. Skulle dei ha privat besøk hengde dei lapp på døra, «Plivat fest bale fol invitelte». Plutseleg ein dag var det ein lapp på døra med beskjeden: «Per og Ola på Kinatur. Kjøpe kaffe? Vente litt.» Dei hadde vore på Vigga og fått skrivi denne lappen. Ingen visste sikkert kvifor dei reiste slik, men dei hadde besøk av skjenkekontrollen og der hadde Ola vorte sint og jaga dei ut, kanskje var han redd for følgane. Per ringte til Trond N etter ni månader, og Ola, stor Kineseren kom på besøk tre år etter at dei reiste. Så flytta Trend inn i lokala i kjelleren. I 2024 er Dombås Treningsstudio i lokala A/S Norsk Spisevognselskap (NSS) flytta frå Dombås stasjon og ned i kjellaren på Fosshaugbygget i februar 1976, og dreiv eit år. I 1977 skifta namnet til Cafena.
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Trond Nyløkken, mk, Laila Hjellødegård

Registrert av:Merete Killi Moastuen