Historikk: |
Nordrum kiosken
0506589-6882290
Marit Anne Killi arbeidde her sommaren 1959. Kiosken sto mellom Nordrum og Bokhandelen. Varesortimentet var is, brus, sjokolade og meir godteri, kiosken hadde ikkje tobakkssalg, men fleire vekeblad.
Det var Gudrun Nordrum som eigde kiosken, det var ho som betalte ut lønn. Truleg var kiosken frå Diplom-is, den var liten men som ein vanleg kiosk å sjå til, gul eller ljose brun.
Arnhild K Berg Selsjord gjekk ofte hit for å «titte på glaset» som ungjente, utan ei krone.
|