Historikk: | Tivoli på Dombås
0506623-6882490
Kristian og Jørgi Håland var kjente fjes i bybildet i Dombås kvar sommar, dei opna tivoliet på Dombås fyrste gong i 1958, med 4 telt for lodd salg.
Han hadde reist rundt i Norge og sett kvar det stoppa flest turister/reisande, derfor vart det tivoli på Dombås.
Tivoliet vart ei kjærkommen inntekts kjelde for barna på Dombås, det var 12 års grense for og vera loddseljar, og 10 års grense på bilene. Plattingen med bilane kom etter at skytebana i telt nr. 5 vart nedlagt etter to skyteulykker.
På lykkehjulet stod som oftast Kristian og Jørgi sjølve, til tider gjekk det ut ein del hovedpremiar når andre ansatte stod der. Ved lykkehjulet skulle ein velge eit namn, hvis lykkehjulet stoppa på namnet vann ein fyrste, andre eller tredje premie, avhengig av kvar hjulet stoppa på namnet. Så var det nokre «smartinger» som fann ut kvar ein måtte slå av hjulet for og få det til og stoppe på rette namnet, det stoppa sjølvsagt når det kom «damer» som lykkehjul køyraren likte ekstra godt.
Men alle «heldt ut» og pengene vart tjent, timelønn i 1975 var 3,25 kroner på bilbana og 4,50 i telta, men ei Cola flaske kosta rundt 2,00 kr så det var ikkje så dårleg. Lønns utbetaling kvar fredag.
Kristian var snekkar av yrke med eit lite firma i Lillesand, han hadde laga bilbana i lemmer så alt var montert på ein liten dag. Det var ljos på rundt heile bil bana, og HMS var det ingen som viste kva var den gongen.
Henning Nyborg, 13 år, stod og heldt stigen når Kristian skulle skifte ljospærer.
Om vinteren støypte Kristian gipsfigurar til gevinstar på tivoliet.
Kristian kjøpte òg gevinstar frå gamle bekjentskaper innen tivoli bransjen.
Tivoliets nærmaste nabo var kiosken til Tor Hovelsrud, Bonkekiosken, ved sida av den stod ei spekepølsebu.
Tivoliet gjorde nok sitt til at mange stoppa på Dombås.
Siste tivoli året var 1986, Dombås senter opna i 1988 på same plassen.
Kjelde: Trond Nyløkken
|