Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn

Opplysninger om Dovrefjell Hotell.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1042
Område:Dovrefjell sør for E6 til vannskillet.
Plassering:Ved Hindåe
Koordinater: Mangler nøyaktige koordinater.
Bruk: Feltlasarett, Hotell
Historikk:Dovrefjell Hotell «Bygging av «Dombås feltlasarett» seinare «Dovrefjell hotell» starta i 1940 og stod ferdig hausten 1943, offisielt opna15. november 1943, med 600 sengeplasser. Det var vanskelig for tyskerane og få tak i arbeidsfolk til prosjekta på Dombås ,da mykje skulle bygges på same tid. Timelønna var 0,90 til 1 krone pr. time før krigen begynte, men for og få tak i nok folk auka okkupasjon makten timelønna til kr. 3,75 pr. time, da kom det håndtverkere frå heile nord Gudbrandsdalen og Ottadalen. Det er anslått at det jobba1500 bygnings arbeidarar på Dombås, fast buande før krigen var omkring 400 mennesker. Før bygginga av hotellet starta måtte det leggast mykje stein mot elva Hindåa, betalinga var så god at mange som ikkje hadde hest leigde hestar på gardane rundt omkring. Tømmeret vart hogd i stats allmenningene i Lesja og Dovre, og saga på Jora eller Lora sag, og køyrd direkte til bygge plassen. Bak lasarettet skulle det òg bygges eit medisin lager i form av en stor bunker inn i jordbakken og kanal ut i Hindåa for grå vann. Vann forsyninga kom frå eit høgde basseng ovanfor lasarettet. To store tankar vart støypt i hagen til lasarettet. Etter kvart vart det bygd nokre småhus som vart laga i Myra leir i enden av dagens fotballbane. Det var eit hus for avlusing av frontsoldater på nedsida av vegen, og eit hus for soldater med mogleg smittsamme sjukdommar på andre sida av vegen, pluss nokre uthus og garasjar. Det vart òg bygd eit vakttårn rett nedanfor lasarettet. Flyplass/ landings bane i Grønnbogen ovanfor lasarettet var òg planlagt, men vart aldri laga. Dei fleste kom med tog, kun nokon få høgtståande offiserar kom med fly, dei landa på jordet bak lasarettet. Dovrefjell Hotel var eit av Norges mest moderne sjukehus på den tida. Lokal befolkninga fekk og benytta seg av dette, det vart blandt anna utført hud transplantasjon på ei 5 år gammel jente, og ein amputasjon av eit bein av en lokal dame som hadde fått blodforgiftning. Det var strenge besøks rutiner, til tider vanskeleg og få kome på besøk. Etter krigen var det stor norsk interresse for at kirurger og leger skulle fortsette drifta av lasarettet, men det vart det ikkje noko av. Alt utstyr vart demontert og fraktet til England. Lasarettet vart seld til Norsk Folkeferie, Ola Kveen var byggansvarleg formann under arbeidet med å få Lasarettet til å vera eit hotell, Dovrefjell hotell vart opna juni 1949. Leif Frugaard var bestyrar på «Arbeidernes ferie hjem» òg med barnepark for barna. Dovrefjell Hotellet arrangerte fleire AUF-regisserte kurs, der sentrale mennesker fra arbeider- bevegelsen budde på hotellet. Olof Palme og Einar Gerhardsen var to av dei. Hotellet vart gradvis oppgradert i åra framover, rom med høgare standard, dette var det dei tre vaktmesterane som gjorde. Det største lyftet for hotellet var nok i 1979 da det vart bygd svømmehall, med konferansesal i 2. etasje. Etter kvart vart det ny garderobe og nye toaletter, større og ny resepsjonen med panel, treskurd og bondefargar. Eiga salong for ikkje røykarar og eiga spisesal for barn. Olav Kristian Nyhus uttalte til GD at Hotellet er et sted “der den kresne gjest kan trives”, så standarden var nok meget god. Det vart arrangert danse kvelder med leikarring og musikk frå spellemannslaget i Dovre. Direktør Nyhus var sjølv ein ivrig fele-spellar. I 1984 jobba det ca 45 mennesker på hotellet, heil og deltid, det var ein stor arbeidsplass på den tida. Fyrst på 2000-talet kjøpte Norlandia gruppen v/ brødrene Adolfsen fra Andøya opp alle hotella til Norsk Folkeferie. Da vart det slutt på AUF kurs, hotellet gjekk over til konferansar og andre kurs. Turistbussar frå heile Europa, Sør Korea og Israel brukte nå hotellet. I 2007 avslutta Norlandia hotelldrifta på eigde hotell og skulle selja dei som kosta mest å drifte. Dovrefjell hotell vart leigd ut ei tid og var i preiodar vinterstengt. I 2013 kjøpte Thoresen, Hageløkken, Odden og Aspehol hotellet og dreiv det. Men 13. desember 2014 brann hotellet ned. I 2024 står skjelettet att, hotellet er utlagt for salg. Kjelde: notatar frå Trond Nyløkken _________________________________________________________________ Dovrefjell Hotell vart bygd av den tyske okkupasjonsmakten, som feltlasarett, det stod ferdig 15. nov. 1943 Etter krigen vart det hotell i 1949, som tidlegare skrivi var det fleire som drifta hotellet fram til mai 2013. Da kjøpte Stina Odden Aspehol, Hans Jacob Aspehol, Espen Thoresen og Conni Hageløkken hotellet, og fortsette med hotell drift. Med på kjøpet var ei tomt på 18 mål, ein personalbolig, garasjar og tre hotellbygningar. Eit stort kjøkken, spisesal, Hula bar, resepsjon, svømmebasseng, lavvo, konferanserom og 89 hotellrom. Svømmebassenget vart bygd i 1979. 13. desember 2014 brann hotellet, ein fjerdedel var borte, 30 rom, peisstue, resepsjon og konferansesalen. Etter brannen tenkte drivarane og fortsetta, dei vaska ned og ordna, men kom aldri i gong att. Dei prøvde å selja, men det vart til at Stina og Hans Jacob tok over alt. Frå 2022 har dei prøvd å selja att, men ingen respons, Stina håpar nokon kunne bruke stedet, ho synest det er trist det står slik. Hotellet har òg fått eit kallenamn, «spøkelses hotellet», Stina vil ikkje gå inn der aleine, og i 2015 var «Åndenes Makt» på besøk, dei meinte nok at det var noko mystisk der. Kjelde: Dagbladet, Børsen 18.sept. 2022
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Trond Nyløkken, mk

Registrert av:Merete Killi Moastuen