Historikk: | Domaas Gård Hyttetun og Caravancamp
0506217-6882261
Søre Domaas vart skysstasjon i 1858, Ola Olsson og Kristine Steffensdotter dreiv Domaas Skydsskiftestation som fekk godt ord på seg, og vart ein kjend turiststad.
«Villaen» ovanfor tunet vart bygd som fantstugu da skysstasjonen kom, riven i 1997, og ny villa her i dag.
Sonen Syver fortsatte i foreldrane sitt fotspor med oppbygging av Dombås. Han bygde Dombås Turisthotell Hotell, «Turisten» som sto ferdig i 1917, Arnstein Arnberg var akitekten. «Turisten» vart ein del av skysstasjonen.
Ole Syversson og kona Lydia Øie drifta garden frå 1922 til 1958 da dei gav frå seg til dottera Magnhild og sonen Steffen. Steffen omkom i ei drukningsulykke i 1961, broren Per vart da medeigar i garden fram til 1975.
Magnhild som dreiv garden avslutta dyreholdet rundt 1965, og ville begynne med campingplass. Fyrst kjøpte ho tre små Thøringhytter og sette dei på tunet, neste år kom det to til, dette var eit-roms hytter. Etter kvart kom det fire to-roms hytter. Nå hadde ho ni hytter og mange telt turistar.
Det vart innlagt vatn på garden i 1915, derfor hadde turistane kaldt vatn i ei kran på veggen ute.
I 1980 bygde Magnhild opp att eit «stågåbur» øvst på tunet, sonen Roar var og med på dette. Han tok tømmer frå eiga skog, vindfall frå nedpå Øian. Oddmar Nordlien lafta opp huset i den gamle tyskersmia.
«Stågåburet» vart ei flott utleigehytte som frå 1985 hadde seks sengeplassar, to etasjar og innlagt vatn for toalett og dusj.
Magnhild hadde eit lite hus med to kjemikalie-toalett i begynnelsen, men sist på 1960-talet vart det sett opp eit eget toalett hus. Dagens sanitæranlegg er frå sist på 1980-talet.
Roar og kona Oddlaug Rygh overtok i 1984 og har heldt campingplassen i god drift, attåt driv dei Moskusgrillen i Dombås sentrum.
Kiosk/resepsjon har det vore i våningshuset, det har vore lite kioskvare men is, brus og diverse småsaker var det.
Campingen har vore open om sommaren, det er mange ungdomar i Dombås som har hatt sommarjobb her, kioskvakt og hyttevask.
Nå er hyttane seld til private rundt i bygda, berre ei står att.
Det er bobilar og campingvognar folk ferierer i nå, planane framover er å få planert plass for 45 bobilar og 14 campingvognar. Ellers er den store låven på garden under restaurering og planane der er store og spennande, nytt sanitæranlegg og store saler/rom kan nok bli resultatet.
|