Historikk: | Åttekanten
0506591-6882406
Åttekanten sto ved fyrste kafeen til Olaf Frich, da var den sekskanta og fungerte som kiosk.
Rundt 1964-65 flytta Frich kiosken til plassen ved dagens Moskus Grillen (Bankbygget), og vart omgjort til å vera åttekanta. Det var Jan og Bjørg Frich som dreiv med stort salg av souvenirar og andre kioskvarar her samtidig som dei og var i Storrustenbygget.
Dombås Husmorlag starta leiketilbud utandørs for barn i 1969, dei fekk låne tomt bak Dombås kyrkje av Dovre kommune samt gratis gjerde om dei sette det opp sjølve.
Så var det lokale, Torunn Wentzel tok kontakt med Bjørg og Jan Frich om Åttekanten kunne være aktuell. Dombås Husmolag fekk kiosken i gave av Bjørg og Jan, og den vart fløtt til leikeplassen, innreia med små bord og stoler og det var god utsikt gjennom glasa i kiosken.
Dovre kommune gav kr 3000,- i driftstilskot og i 1973 fekk barnehagen bruke eit rom og toalett på Helsehuset.
Åttekanten vart ein heilårs barnehage fram til ny barnehage på Kirkemo vart opna av Dombås Husmorlag 01.01.1976.
Åttekanten vart så fløtt til Myra idrettsplass, der brukt som kiosk og opphaldslokale for leiarane ved arrangement dei fyrste åra.
I november 2021 hadde brannvesenet øvelse ved å brenne ned kiosken.
|