Historikk: | "Dovrebygde 2010","Bygdabok" og Vigga !8. januar 2018.
Fyk-Jo (1840-1923),han heitte Jon Olsson og var frå Snipen. Han var gift med Velt-Heggja (Mari Eriksdotter frå Lesja). Dei budde på ein liten husmannsplass ved kyrkja på Dombås. Jo var tjenestekar på Fokstugu, og han fekk bruke Jo-Huset som han ville , men det er Fokstugu som eig det. Jo-Huset var opprinneleg eit måsåhus som Fokstugu og Lie eigde ilag. Det var og ein stall bygd i vinkel inntil Jo-Huset. Oldefaren til Laurits og brukaren på Lie løyste opp sameiet, da fekk Lie stallen som dei da flytta ned til Vålåsjøen (Reg nr 375). Jo-Huset har frå den gong tilhøyrt Fokstugu. Det er derfor ikkje rett at Fyk-Jo bytta bort Jo-Huset mot ei børse. Fyk-Jo var ivrig på fiske og snurufangst. |