Historikk: | Solheim i Holaberget 9/11
Karl August Herman Agelin kom til Dombås i 1902 i tilknytning med jernbaneutbygginga til Dombås. Herman gifta seg med Guri Simendotter (1860-1933) i 1903, og i 1911 kjøpte dei tomta i Holaberget. Bygde hus på eit areal på 40 x20 meter. I skråninga utover frå vegen dyrka dei grønnsaker i terassar, hadde vedskåle og eit lite grishus. Men vatn fekk dei aldri inn i huset, dei bar vatn frå Gråberg eller stasjonen. Han var utdanna røyrleggjar og la vatn inn i fleire hus, det fyrste var nok på nørdre Hågå.
Agelin hadde uttala:
« Fråga inte hvad jag kan, fråga heller om hvad jag inte kan.»
Han var ein flink og systematisk kar, var blandt anna sekretær i styret for Dombås Samvirkelag rundt 1920.
Herman og Guri dreiv kafe i huset, der hadde han grammofon og ei stor og rik samling av plater. Det var nok ein og annan dansefesten hjå dei òg.
Og prisen på musikk var: «5 øre for at venda skivan».
Pleiedottera, Gudrun (1910-1988) var i slekt med Guri. Gudrun tok over og vart gift med Trygve Thorsen.
Huset vart rive i 1980 grunnet vegutbygging, grunnmuren står enda.
|