Historikk: | Dombås Samvirkelag`s innekiosk
I 1966 sto det nye varehuset, Dombås Samvirkelag ferdig. Her kom inne
kiosken rett innafor døra til høgre, ein lang glasdisk i vinkel mot trappa opp til andre etasje. På venstre side var det to eller tre «kasser», inngangen til butikken var mellom dei og kiosken.
Her hadde dei apotek og reseptutlevering av medisiner som kom med buss frå apoteket på Otta.
Det var og parfymeri varar der, som maskara og parfyme.
I tillegg selde dei tobakk, kondomer, aviser, is, brus, sjokolade, vekeblad og magasinblader.
Astrid Moen arbeida hjå Dombås Samvirkelag i 43 år, av desse var ho i kisken frå 1974 til 1989, da kiosken vart nedlagt.
Det er mange som har stått i kiosken, nemner Astrid Storløkken Moen, Liv Bentdal Aspehol, Signy Hjelle, Rigmor Bakken Amundgård, Liv Rudiløkken Steine, Aslaug Vorkinnslien med fleire. Det hendte og at nokon frå kolonialavdelinga kunne stå vakt i kiosken ved behov.
Samvirkelaget opna i 1966
|