Historikk: | Dombås Turisthandel (Bonkekiosken)
0506611-6882450
Olaf Nyjordet og Tora (syster) dreiv kiosken som sto nørdst på sentralplassen.
Den vart nok åpna rundt 1950, Tor Olav Hovelsrud hugse at da han voks opp var dei til Dombås på sommarferie for å jobbe på kiosken. Fyrste året var i 1957 da min syster Liv var baby.
Olaf og Tora bygde på kiosken mellom 1966 og 1970. Dei dobla da størrelsen og fekk to luker. Den nye delen var brukt om sommaren og den gamle var heilårskiosk.
Her selde dei softis, sjokolade, brus, tobakk, frukt,kondomer, vekeblader og pølse i lompe/brød. Kondomer var det berre her og i kiosken på samvirkelaget ein fekk tak i, det var nok fleire gode historiar om den handelen.
Souvernirar hadde dei og i mange år, fram til andre fekk enerett i Dombås på 1970-talet.
Bak kiosken sto det to folkevognbussar som vart brukt som lagerplass, den eine til souvernirar som dyreskinn og horn. Den andre bussen lagra dei brus og andre varar i.
Bak kiosken sto det og to frysarar med eit tungt lokk over.
Det var ikkje like greit å være for seg sjølv i kiosken om kveldane og måtte hente varer ute i mørkret.
Dei selde mykje frukt i kiosken, spesielt appelsinar til jul. Desse var levert frå Gartnerhallen, minst ein gong i veka, det var Sigurd Grindstuen som køyrde varebilen.
I 1970 kom Tor Hovelsrud med familie flyttande til Dombås, onkel Olaf var ikkje i form. Tor og Ragnhild overtok da kiosken.
Det var ikkje berre enkelt, dei hadde innlagt vatn men ikkje utløp så alt vatn måtte
bæres ut og ned i veig grøfta.
Kiosken var ikkje ny lenger så da apoteket (brakkene) vart frå fytta i 1983 kjøpte
Tor dei, reiv kiosken og sette opp ny kiosk.
Nokre av dei ansatte var Arnhild Berg Selsjord hausten 1970, Randi Berg, Grethe Wasmuth og Ingeborg Korsvoldlien. Ragnhild sto og mykje i kiosken, og Olaf var med for å hjelpe til.
Tor hadde heile tida eit ønske om å få bygge ny kiosk, han vart på ein måte i veigen da Dombås Senter vart bygd i 1988, men det var ingen ny tomt han kunne få. Så i 1989 fekk han kjøpt tomta der kiosken står i dag, mellom E6 og samvirkelaget. Det var nok generelt vanskeleg å få bygd noko i sentrum.
Tor fekk opp nykiosken i 1990, og dreiv eit år.
Tor Olav og Anne Lise Hovelsrud tok over Dombås Turisthandel i 1991.
Trufast betjening vart med vidare, som Kari Flateng Endresplass, Ingunn Nysæter og Lillian Flateng.
Narvesen kjøpte opp kiosken og dreiv til Haug kom????????????
Pr. 2024 er huset delt på Hårståk og Floriss.
Kjelde: Tor Olav og Anne Lise Hovelsrud |