Historikk: | Kiosk i
Hjerkinn-krysset
0529646-6898940
Kiosken vart sett opp og drivi av Martin Ekre (1901-1970) fyrst 1950-talet, Martin var direktør på Hjerkinn Fjellstue. Kiosken sto i krysset der Folldalsvegen og Riksveg 50 gjekk saman, nedanfor Hjerkinn Gard.
Anne Ekre jobba her. I kiosken fekk ein kjøpt det meste, som Olav Sverre Hjerkinn hugsar, boks med Del Monte fruktsalat, is og andre kioskvarar.
(Det var Olaf Frich som eigde kiosken.)
Kiosken er nå uthus/hundehus oppe i byggefeltet på Hjerkinn.
|