Historikk: |
Båtsto var ein plass utskilt frå Ekre i 1920. Dovre kommune kjøpte plassen og bygde Båtsto, kommunehuset som stod ferdig i 1899.
Hjerleids husflidsskule heldt til i fyrste etasje, og kommunesalen var i andre etasje.
Telefonsentralen kom inn her i 1899, og småskulen var her ei periode.
Torstein L. Haugen (1840-1919) med familie budde her i 1899, han var bank- og kommunekasserar i Dovre.
Sigurd Olaf Bådstoløkken (1892-1983) og kona Anna var vaktmeister på Båtsto i
fleire år.
Posten vart flytta frå Haugakafeen til Båtsto, før den tilslutt fekk eiga lokale i det nye Dovre senter bygget i 1971.
|