Historikk: | Dombvang - Det tyske fengselet - Samfunnshuset 7/80
ID 1082
0506322-6882613
Dombvang vart sett opp som eit nytt forsamlingshus i Dombås i 1913.
Det var Dombås musikkforening som stod i spissen. Johannes og Olea Ulekleiv var det fyrste vaktmeisterparet på Dombvang. (Sjå Nedre Ulekleiv 20/15 og Ulekleiv hotell 8/11).
Dombvang låg der Minneparken er i dag, litt vest for Solglytt.
Dombås musikkforening drifta huset fram til 25. april 1940, da tyske fly bomba Dombvang.
Fyrst på 2. verdenskrig bygde tyskarane opp eit fengsel i Dombås, nedanfor Dovre Ungdomsskule i dag, med ein stor sal med scene, eit stort kjøkken, garderobe,
bibliotek og ei stor og to små leiligheitar.
Arresten var i eiga fløy med mange små og utrivelege celler.
Etter krigen måtte det ryddes opp, av fengselet vart storsalen, leiligheitane, celleavdelinga og kjøkkenet ståande.
Minni Sæther (1913) og ei jente frå Lindsøhaugen starta ein spisestad der like etter krigen, slik at alle arbeidsfolka som jobba rundt i området fekk kjøpt seg mat.
Den store salen vart frå 1946 brukt som forsamlingshus, 17. mai fest, julefest,
selskap, bygdafester og møter m.m. Dette erstatta Dombvang.
Inga Nymoen Ødegård (1912-2000) og mannen Pål dreiv kafeen i nye
samfunnshuset, i fleire år. Ho hadde kafe og matservering ved alle arrangement.
Pål Ødegård fekk «kafebevilling» for Ungdomslokalet på Dombås i 1951.
Inga og Pål budde i den største leiligheita, sonen Odd og Oddlaug hadde ei, og Helen og Erling Flateng budde i ei lita leiligheit, to-tre år rundt 1954.
Dei hadde liten plass og det var uisolerte veggar, så dei «fekk med seg alt», toalett på andre sida av salen, og vatn nede i kjellaren.
Alt vart rivi i 1968, da Dovre Ungdomsskule vart sett opp.
BLÅ RUTE
Rønnaug Ekren hugsar òg at Minni Sæther dreiv ei fiskematforretning i kjellaren hjå
Ola Nyjordet.
|