Historikk: | Domaas Hotell, Domaas Skydsstation og Sanatorium,
Dombås Turisthotell 7/14
Hoveddelen av hotellet står på grunnen til skysstasjonen frå 1858, som tilhøyrde Søre Dombås. Skysstasjonen vart flytta frå Lie til Søre Dombås i 1852, fordi Lie vart
avsides uansett kvar ein skulle vidare.
Brukaren på Dombås, Ola Olsson inngjekk kontrakt om å halde fast stasjon frå 24. juni 1852, han skulle da halde seks faste hestar, og fire reservehestar.
Hovudbygningen av hotellet vart bygd 1915-17.
Arnstein Arneberg var arkitekt, hotellet vart eit av dei staselegaste hotella i
Gudbrandsdalen.
Det var Fru Christine Domaas Michelsen og mannen Aksel Kristian Emanuel Michelsen som bygde hotellet og dreiv det heile livet. Christine var dotter av søre Dombås og fekk utskilt eiga eigendom for hotellet.
Namnet «Domaas Hotell» vart brukt allereie frå 1892, i 1905 var namnet «Domaas Skydsstation og Sanatorium» og i 1930 «Dombås Turisthotell».
«Domaas Skydsstation og Sanatorium» hadde 65 senger, og gjestane vart henta med hest: «Som ved mange af de andre Sanatorier afhentes Gjæsterne i Vogn, Gigher eller Karjoler.»
Spisesal og resepsjon låg i den eldste delen, romma var på den nyeste delen.
Hotellet var i tipp topp stand, eit av dei beste i Gudbrandsdalen, alt i 1927 fekk dei inn varmt og kaldt vatn på alle rom.
BLÅ RUTE
Gudbrandsdølen 3. februar 1949:
«Dombås Turisthotell ved den nye bestyrer Sven Ødemark søkte om øl – og vinrett.
Ordføreren opplyste at hotellet som kjent har vært uten skjenkerett en tid idet skjenkeretten, følger personen som bestyrer driften.
Skogli mente at herredstyret måtte gi denne bevillingen, men han trodde det kunne være på sin plass å få belyst forholdene ved hotellet. Det har forekommet en del «trubbel» der i det senere etter som politiet har måttet gripe inn.
Ordføreren repliserte at han var mot all skjenking av alkohol, men han syntes det var nødvendig å anbefale denne søknaden.
Morken understreket at en ved behandlingen av søknaden måtte ta stilling til den nye bestyrer. Det som har foregått tidligere er herredstyret uvedkommende.
Herredstyret fattet vedtak om at det ikke har noe å innvende mot at skjenkeretten blir gitt. Retten må utøves bare til reisende, faste gjester og utenbygds.»
I januar 1951 fekk Dombås Turisthotell øl og vinrett.
Hotellet brann laurdag 19. mai 2007, da nesten 100 år gamalt. Brannen starta nok på loftet. Den eldste delen brann ned medan «nyfløyen» fekk stå.
Aud Torild Leirmo (1955) har jobba på hotellet i nærmare 40 år før brannen.
Hotellet opna på nytt i mars 2014, eit nytt og moderne hotell, bygd av oppdalsskifer ved arkitektfirma Madsø Sveen, på same grunn som det gamle stod.
Før brannen var det eit Rica hotell, etter brannen vart det eit Scandic Partner hotell fram til 2017.
Rune Haugen er pr. desember 2024 styreleiar i selskapet Dombås Hotell Holding, og Audun Berget eig selskapet Otter som eig 20% av hotellet.
Jan Krokedal, tidlegare eigar og direktør eig enda 80% av drifta av hotellet gjennom selskapet Jana Marin.
Krokedal tok direkte kontakt med Hubertus Johannes Huijs, og han er frå 1. januar 2025 ansett som dagleg leiar.
Hotellet er i dag ikkje med i nokon kjede.
Tullik var her 1971
BLÅ RUTE!
Handelsregisteret 1930-31:
DOMAAS TURISTHOTEL
KUN 5 MINUTTER FRA STATION
ANBEFALES FOR KORTERE OG LÆMGERE OPHOLD
ØL & VIN
GARAGE & BENZINDEPOT
TENNISPLADS
«TURISTHOTELLET»
Kjelde: Gudbrandsdølen 21. januar 2025
|