Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Diktarhytta - 727 mPålsbu - 2257 mHorrtjønnbue - 2377 mBurest Hesthove - 2458 mJakopsbu - 2498 mNSB brakke - 2743 mGardbue - 2845 m

Opplysninger om Fokstugu 2/3.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:1085
Område:Dovrefjell sør for E6 til vannskillet.
Plassering:Dovrefjell
Koordinater: 32V 0515039 6886798
Bruk: Skysstasjon, hotell, kiosk, butikk, høyfjellssanatorium
Historikk:Fokstua Turisthandel/Fokstugu Fjellstug og Høyfjellssanatorium 2/3 0515039-6886798 1 Kong Eystein bygde sælehusa over Dovrefjell fyrst på 1100-talet, og da kan ein vel tenke att Fokstugu var eit av dei. Ragnar Sønstebø skreiv i 2000: Fyrste sælehuset i Fokstugu vart nok bygd ein kilometer sør for der husa ligg nå, og i libandet på nordendin av Nordseterhovda syne det tuft etter hus som støtt har vore omtålå som «Gamle Fokstugu tofte». Huset var nok eit enkelt og lite torvtekkt timbrahus som vart ståan der grått og aleine, men det var livsviktig å kommå til i dårleg vær. For Fokstugu var det Korsvold på Dovre som var tillagt plikta, dei hadde ansvar for tilsyn og vedlikehald. Utviklinge tå Fokstugu dei neste 500 åra veit oss svært lite om, men etter kvart vart ferdselen større og husa truleg både fornya og bygd fleire og større. Korsvoldbonden fekk med dette større plikter i Fokstugu, vedlikehald, skaffe ved, og jamvel køyring av mat og øl når det kom krigsfolk over fjellet. Etter kvart vart andre bønder i Dovre òg tillagt pliktarbeid i Fokstugu. Det var derfor stor interesse for at det kom fastbuande folk i Fokstugu. I 1646 vart det fastsett kor stort område som skulle tillegges Fokstugu, og den fyrste uppsittaren busette se der. Det var Hans Steinarsson frå Dalholen og kjerringa hans Ingeleff Pedersdotter. Nå vart husa fløtt dit som dei står i dag. Det kan vera fleire årsaker til fløttinga. Viktig var vatn som det er rikeleg av i Foksåe, det var rimeleg god og lett jord å dyrke der, og kanskje var det med hensikt at det skulle vera hus på den mest værharde plassen, som er akkuratt her ved utløpet tå Foksådalen. 1646 vart derfor starten på Fokstugu som skysstasjon. Det var mykje som skulle til dei fyrste åra for at dette skulle bli ein sjølvhjølpt gard som kunne fø folk med datidas naturhushaldning. Det vart dyrka opp ny jord og bygd nye hus. Korsvoldmannen måte bygge ein stall og eit stabbur i tillegg til at han var med å bygde eit stuguhus. Låver, fjos, eldhus, kokhus m.m. måtte Hans sjølv få bygd. Sjølv med rydding av gard frå botnen av må oppbygginga ha gått fort, for da kona Ingeleff døydde etter 13 år på Fokstugu (1659) var det ved skiftet oppgjeve 8 kyr. Hans gifta seg andre gongen med Mari Bølogsdotter og fekk i alt 5 born. 2 Den eldste sønnen, Siver, overtok i Fokstugu og gifta seg med Berte Haldogsdotter frå Folldalen. Det vart og bygd kvennhus ovanfor garden ved Foksåe desse fyrste åra. Det var jo ikkje mogleg å dyrke korn på fjellet, men Fokstugu fekk ein åkerlapp til disposisjon på Korsvold, «Fokstuguåkeren». I tillegg så vart fleire bønder ilagt såkalla fjellstugutoll eller korntoll som dei betalte/leverte til fjellstuguene. Fjellstugutollen vart oppheva fyrst i 1842 da Stortinget bevilga 1000 spesidaler til fordeling på fjellstuguene til årleg erstatning for kontrollen. Det var malt «eige» mjøl i eige bekkekvenn på Fokstugu heilt fram til 1900-talet. Siste kvennhuset fekk bestefar Ragnar Torleif Lae Solberg fløtt upp i Fokstugulie rundt 1930, og det vart da til ei lita hytte som blir kalla «Diktarhytta». Siver og Berte fekk ikkje barn, derfor vart Paul Thiøstelsen (1687-1773) frå eine Dalgarden i Folldalen den tredje brukaren i Fokstugu. Han var brorsønn til Berte, og gifta seg med Marit Sjugurdsdotter frå Nistugu Arnekleiv. BLÅ RUTE! «STORRMYRIN Paul Thiøstelsen Fogstuen vart ein dyktig drivar, han kom som 17 åring til Fokstugu. Paul ville bli ein høvding på Dovrefjell. I 1712 førte han rettsak om «storrslåtten» på Fokstugumyrin. Denne tvisten mot gardbrukere i bygda gjekk så langt at den tilslutt vart behandla i Høgsteretten i København. Det var myrin ved Lesjabekk, seinare kalla «Trettemyrin» det vart kjempa om. Til slutt fekk Paul rettens kjennelse på at Dofre Almue har ingen rett til at slaa i Almindingen, thi dette forbyder den norske lov. Men, 30 juni 1718 var retten på nytt samla på Fokstugumyrin for nå hadde leikevel 6 bønder frå Killi, Landem og Ruste vore på storr-slått. Dei var da idømt ei bot på 6 Rdlr. kvar for den tilføyede Skade på Paul Fokstuens Slottemyrer. Fokstugu hadde Storr-hus eller Lyu fleire sted på myre. Blandt anna heiter det Storrhuset den dag i dag like synna for Springarbekksetrin. Og utanfor jernbana litt nord for Fokstugu heiter det Lyuhaugen.» 3 6. desember 1718 var ein forferdeleg dag i Fokstugu. Dette var under den store nordiske krigen der svenskekongen Karl XII prøvde å ta Norge. Oberst Peter Motzfeldt og hans Nordenfjeldske Dragonregiment ville hindre den svenske Armfeldt-hæren å komme mot Dovrefjell, derfor øydela dei alle bruer og på Dovrefjell sette dei alle fjellstuguene i brann. Hjerkinnsmannen sende ein mann til Fokstugu for å varsle. På Fokstugu fekk dei da gøymt noko innbo, og jaga ut alle husdyra. Sylvtøy og andre mindre verdisaker vart lagt i ei trekolle og gravd ned på Kvernhusøyen, denne kolla står fortsatt på Fokstugu. Dragonan sette fyr på i alt 23 hus, inkludert 7 låver fulle av fòr, på Fokstugu. Her sto familien att under berr himmil med kyr, kalver, småfe og seg sjølve å ta hand om når soldatane reid vidare. Som sagt var dette den 6. desember og to dager seinare sette det inn med eit forrykande uver som varte i fleire dagar. Gardguten Siver var da 5 år, systera Gunhild var berre spebarnet, broren Tiøstolv var 3 år og systera Ragnhild 2 år. Det meste av dyra vart berga ned til bygda, kanskje til Arnekleiv der dei hadde familie. Marit og dei små borna fekk bu hjå familien i Dalgardane. Så starta kampen om å bygge opp att garden, økonomisk var det ei umogleg oppgåve. BLÅ RUTE «I mars 1719 reiste Paul saman med Lars Hjerkinn til Cristiania for å søke hjelp hos kongens mann: Deres Excellence Høy Welbaarne Herr Baron og Vice Stadtholder Nådige Herre, som dei innleda brevet dei overleverte. Dei beskreiv her sin nød og elendige tilstand og bad kong Fredrik IV om hjelp til å bygge opp att nye hus. Fredrik IV reiste over Dovrefjell i 1704, så både Lars og Paul hadde trefft kongen før, og kongen hadde òg kjennskap til kor viktig det var med fjellstuguer på Dovrefjell. Dei poengterte sjølvsagt i brevet sitt, betydningen fjellstuguene har «for de reisende».» Vissnok fekk Paul eit hus heime i Folldalen som vart sett opp att i Fokstugu allereie same vinteren eller våren. Gammelstugu i Fokstugu, som og er kalla Håmannstugu, Gunnhildstugu og Søpå, er i to etasjer der fyrste easjen tydeleg er lafta av andre tømmrere, og eldre enn andre høgda. I etasjeskillet står det innskore: ANNO 1729. Fyrste etasjen er derfor truleg fyrste huset som vart uppattbygd. 4 4 Korsvoldmannen måtte på nytt koste stabbur og stall, og etter kvart kom det til like mange hus som før. I 1727 vart fjellstuguene tillagt postbefordring. Det var tidligere pålagt postbønder i Lesja og Oppdal å frakte posten over Dovrefjell, men nå vart det Fokstugu sin plikt å frakte posten sørover til Dovre og nordgående til Hjerkinn. Denne plikta held fram til Dovrebana vart opna i 1921. Syver overtok bygselen etter far sin i 1732, men det var nok fortsatt Paul som var høvdingen. I 1751 døde Siver 39 år, i Kaldvella, på jakt. Syver hadde da 4 barn, den eldste 8 år. Paul tok da tilbake bygselen sjølv og dreiv til han var mest 80 år. Barnebarnet Paul og kona Brit Flagestad overtok etter bestefaren. Paul og Brit fekk 10 barn som alle vart gift til gardar i Lesja og Dovre. Paul d.y. var ikkje så dyktig som bestefaren, dr ifta vart dårlegare og det vart mange klager. Eldste sønn, Syver (1772) overtok men døde 50 år gammel. Enkja Marit Erlands- datter (1781-1861) frå Nordigard Killi var ei myndig og dyktig dame som dreiv Fokstugu meir og mindre fram til ho døydde 84 år gammal. Ho fekk bygd ny stor bygning for skyssdrifta. Ho fødde 8 barn, den eldste Paul (1812-1871) vart gift med Gunnhild Larsdotter Arnekleiv og overtok i 1848 etter mor si. Gunnhild og Pål fekk ikkje lukkelege liv. Pål var en drukkenbolt, og Gunnhild likte å feste å danse. Etter at ho vart enkje hadde ho ein ung kar, Ingebrigt Arnekleivsholen til høvedsmann.» ____________________________________________________________________ Syver Pålsson fekk bygselbrev på Fokstugu i 1732: «Halde husa i forsvarleg stand, samt logerer og befordrer de reisende upaaklagelig i alle maader, hvor imod hand nyder den aarlige told af almuen som sedvanlig samt skattefrihed og kornsæd i gaarden Korsvold.» Ragnhild (1853-1883) dotter til Gunhild og Pål, gifta seg med Anton Tollefsson Lae-Solberg og fekk forpakta Fokstugu i fem år på prøve i 1877, og vart bygselsfolk frå 1882. I bygselbrevet står: «Leilændingen har paa bedste maate at hjelpe og bistaa reisende, samt fremskaffe forsvarlig hus, herberge og forpleining mod billig betaling. Han holder paa fjeldstuen fast skydsstation til de reisendes befordring.» 5 Anton søker Indredepartementet i 1888 om 400 kroner i årleg tilskudd for å vedlikehalde husa: «Fokstuen under min bestyrelse har hævet sig saameget, at den saavel hvad gjæstgiveriet angaar som i andre henseender fuldkommen kan sidestilles med Dovrefjelds øvrige fjeldstuer, der oppebærer statsbidrag. Da næsten alle huse ved min tiltredelse af stedet var gamle og faldeferdige, er endnu mange tilbage, deri den nærmeste fremtid behøver udbedringer.» Nå vart det mykje utbygging av fjellstugu. Ny hotellbygning vart sett opp i 1896, den største i distriktet. Eldre hus vart restaurert og nye vart bygd, ny jord dyrka og dei hadde både telegrafstasjon (1857) og postopneri. Anton var med på stiftelsen av Dovrefjell Automobilselskap A/S saman med dei andre fjellstuguene. Fyrste bilen fekk dei i 1916, selskapet vart oppløyst da jernbana kom i 1921. Men Johannes Hestdal som var sjåfør og Anton køyrde fortsatt mellom Dombås og Oppdal. Anton fekk kjøpt Fokstugu gard i 1931. Sonen Ragnar (1898-1967) tok da over garden, og dreiv til 1950. Ragnar er kjent som lyrikar og biletkunstnar. Under krigen 1940-45 okkuperte tyskerane Fokstugu, da spesielt hotellet og ved å bygge forsvarsanlegg på Fokstugu grunn. Da krigen var over tok tyskerane med seg alt inventar i hotellet. RUSSISKE FANGER???????????????????? Gammel Per Botten, tjenestekar, når og ker?????? Anne Ekre og Ragnar (gjekk konk) Leigde Fokstugu? HVEM HVA HVOR????? HØYFJELLSSANATORIUM???????? KRISTIANIAS condisjonerte til fjells???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????? Vart fast skysstasjon samtidig med Hjerkinn i 1854 ???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????????? 6 Dottera Marit Clara (1929-2000) tok over garden i 1951, da saman med mannen Rolf Sønstebø (1924-1995). Dei bygde ny driftsbygning i 1974 og nytt våningshus i 1981 og anneks i 1957, dreiv garden, hadde den meteorologiske observasjonsstasjonen på Fokstugu, turisme og oppsynet med fuglereservatet på Fokstugumyra. Familien på seks budde i hotellet før det kom nytt våningshus, i hotellet var det rimeleg kaldt om vinteren. Elektrisitet fekk dei ikkje før 1963. Marit dreiv og turisthytte med severing i huset øvst og synst. Palmhuset øvst i garden leigde dei ut til gjester på 1970-talet, her var det fire rom, med felles kjøkken og opphaldsrom. Rolf fekk sett opp ein kiosk oppe ved veggarasjen i 1955, det var Hans Ødegård og Ola Haugen som sette opp kiosken, som vart flytta da ny E6 kom i 1965, og vart ståande like ovanfor E6. Her selde dei is, brus, sjokolade, prospektkort og souvenirar. Det var innleigd ungdom til å stå i kiosken kvart år. Det var stor turisttrafikk her, og geitflokken, da spesielt «bukken på Fokstugu» var ein stor attraksjon. Bukken var glad i tobakk men «tålte» det ikkje, derfor måtte bonden male «gi meg ikke tobakk» på horna hans. Kiosken vart nedlagt ca 1970 og står nå nede på garden som leskur. John Buseth i boka Dovrebanen seier: «Det ble også drevet butikk på Fokstua». Sonen Laurits tok over i 1986, han dreiv garden og hadde pilgrims losji, det vart òg sett i stand eit lite hus som fungerar som Gudshuset. Erlend Fokstugu (1988) er nå drivar på Fokstugu. BLÅ RUTE Lillehammer Tilskuer 20. august 1882 Gåmålt frå Dovre nr 6, 2000: «Gode senger i Fokstugun i 1882. 7 Paa Fokstuen på Dovre har det iaar været 60-70 faste Gjæster. En Mengde Reisende af alle Nationer kommer daglig forbi, saa der er meget livligt. Der er 5 Logihuse for Tiden, men til næste Sommer bliver et nyt Hus færdigt, og da vil der kunne modtages adskillig flere Gjæster. Værelserne er nette, sengene gode og stellet i det hele svært godt. Prisen maa siges at være billig saa høit til fjelds, man betaler ialt kr. 2,50 pr. dag med 25 Øres Afslag naar to deler Værelse. Det var Anton Lae Solberg (1854-1931) som dreiv Fokstugu på den tida og han dreiv garden godt fram og gjorde at stedet vart ein populær plass for turistar og andre reisande. Ja, det var han som bygde hotell i Fokstugun. Folketellinga fra 1875 fortel at det var 10 hestar, 2 ukse, 10 ungdyr, 5 sauer, 23 geiter og 4 griser på garden og der budde i alt 16 menneske.» Johan Collet skriv i 1843 at «Bygningerne ere vel, som sædvanligt i disse Egne, mange, men alle meget smaa og lave, saa omtrent ud som en Samling af Sæterhuse.» (bilde av bukken face 5. nov 2018, Kari Grethe Lilleholmen, Gåmålt frå Dombås 16. feb. 2014 +gardsbok 1, gnr 2/3. Face Leif T Hage 240912 og Anne M Vorkinnslien 250716) BLÅ RUTE! Arnhild Kristine Berg Selsjord fortel: «I min familie var vi alltid ute på søndagstur, ein gong skulle det sykles til Fokstugu. Eg og syster mi satt bak på kvart vårt bagasjebrett, og sekken var full av kaffe og mat. Men det største på turen var at syster mi og eg fekk kjøpe oss kvar vår Soloflaske i kiosken. Vi satt på ein stein og skulle ete da far tok opp pipe og tobakk, og da kom Fokstugubukken og hoppa oppi fanget samtidig som han gjorde så eg velta Soloflaska mi. Eg ba om ny flaske men det var tvert nei når eg ikkje hadde passa på den eg hadde, syster mi måtte dele med meg. Eg var ikkje så glad i Solo så det gjekk bra, men eg var harm på bukken som hoppa opp.» _______________________________________________ «Herved anmeldes at undertegnede Rolf Sønstebø, adr.: Fokstuen Fjellstue akter å drive handel med forretningskontor Dovre under firma FOKSTUA TURISTHANDEL, Rolf Sønstebø, Fokstuen Fjellstue, mai 1955. Registrert i dag. Nord-Gudbrandsdal handelsregster 9. juni 1955. ___________________________________________________________________ «Aftenposten lørdag morgen 23 mai 1893: DOVREFJELD På Fokstuen som ligger 3200 o.H, modtages foruden Gjennemreisende cirka 80 Sommergjæster for hele Sommeren eller kortere Ophold. Anledning til Jagt, Fiskeri og Bestigning af Høifjeld. Daglig bud på Post- og Telegrafstationen. Gjæsterne kan af hentes med Skyds fra Fokstuen. Moderate Priser. Nærmere ved Anton Solberg Fokstuen pr. Dombås» 8 Fokstua Turisthandel/Fokstugu Fjellstug og Høyfjellssanatorium 2/3 0515039-6886798 1 Kong Eystein bygde sælehusa over Dovrefjell fyrst på 1100-talet, og da kan ein vel tenke att Fokstugu var eit av dei. Ragnar Sønstebø skreiv i 2000: Fyrste sælehuset i Fokstugu vart nok bygd ein kilometer sør for der husa ligg nå, og i libandet på nordendin av Nordseterhovda syne det tuft etter hus som støtt har vore omtålå som «Gamle Fokstugu tofte». Huset var nok eit enkelt og lite torvtekkt timbrahus som vart ståan der grått og aleine, men det var livsviktig å kommå til i dårleg vær. For Fokstugu var det Korsvold på Dovre som var tillagt plikta, dei hadde ansvar for tilsyn og vedlikehald. Utviklinge tå Fokstugu dei neste 500 åra veit oss svært lite om, men etter kvart vart ferdselen større og husa truleg både fornya og bygd fleire og større. Korsvoldbonden fekk med dette større plikter i Fokstugu, vedlikehald, skaffe ved, og jamvel køyring av mat og øl når det kom krigsfolk over fjellet. Etter kvart vart andre bønder i Dovre òg tillagt pliktarbeid i Fokstugu. Det var derfor stor interesse for at det kom fastbuande folk i Fokstugu. I 1646 vart det fastsett kor stort område som skulle tillegges Fokstugu, og den fyrste uppsittaren busette se der. Det var Hans Steinarsson frå Dalholen og kjerringa hans Ingeleff Pedersdotter. Nå vart husa fløtt dit som dei står i dag. Det kan vera fleire årsaker til fløttinga. Viktig var vatn som det er rikeleg av i Foksåe, det var rimeleg god og lett jord å dyrke der, og kanskje var det med hensikt at det skulle vera hus på den mest værharde plassen, som er akkuratt her ved utløpet tå Foksådalen. 1646 vart derfor starten på Fokstugu som skysstasjon. Det var mykje som skulle til dei fyrste åra for at dette skulle bli ein sjølvhjølpt gard som kunne fø folk med datidas naturhushaldning. Det vart dyrka opp ny jord og bygd nye hus. Korsvoldmannen måte bygge ein stall og eit stabbur i tillegg til at han var med å bygde eit stuguhus. Låver, fjos, eldhus, kokhus m.m. måtte Hans sjølv få bygd. Sjølv med rydding av gard frå botnen av må oppbygginga ha gått fort, for da kona Ingeleff døydde etter 13 år på Fokstugu (1659) var det ved skiftet oppgjeve 8 kyr. Hans gifta seg andre gongen med Mari Bølogsdotter og fekk i alt 5 born. 2 Den eldste sønnen, Siver, overtok i Fokstugu og gifta seg med Berte Haldogsdotter frå Folldalen. Det vart og bygd kvennhus ovanfor garden ved Foksåe desse fyrste åra. Det var jo ikkje mogleg å dyrke korn på fjellet, men Fokstugu fekk ein åkerlapp til disposisjon på Korsvold, «Fokstuguåkeren». I tillegg så vart fleire bønder ilagt såkalla fjellstugutoll eller korntoll som dei betalte/leverte til fjellstuguene. Fjellstugutollen vart oppheva fyrst i 1842 da Stortinget bevilga 1000 spesidaler til fordeling på fjellstuguene til årleg erstatning for kontrollen. Det var malt «eige» mjøl i eige bekkekvenn på Fokstugu heilt fram til 1900-talet. Siste kvennhuset fekk bestefar Ragnar Torleif Lae Solberg fløtt upp i Fokstugulie rundt 1930, og det vart da til ei lita hytte som blir kalla «Diktarhytta». Siver og Berte fekk ikkje barn, derfor vart Paul Thiøstelsen (1687-1773) frå eine Dalgarden i Folldalen den tredje brukaren i Fokstugu. Han var brorsønn til Berte, og gifta seg med Marit Sjugurdsdotter frå Nistugu Arnekleiv. BLÅ RUTE! «STORRMYRIN Paul Thiøstelsen Fogstuen vart ein dyktig drivar, han kom som 17 åring til Fokstugu. Paul ville bli ein høvding på Dovrefjell. I 1712 førte han rettsak om «storrslåtten» på Fokstugumyrin. Denne tvisten mot gardbrukere i bygda gjekk så langt at den tilslutt vart behandla i Høgsteretten i København. Det var myrin ved Lesjabekk, seinare kalla «Trettemyrin» det vart kjempa om. Til slutt fekk Paul rettens kjennelse på at Dofre Almue har ingen rett til at slaa i Almindingen, thi dette forbyder den norske lov. Men, 30 juni 1718 var retten på nytt samla på Fokstugumyrin for nå hadde leikevel 6 bønder frå Killi, Landem og Ruste vore på storr-slått. Dei var da idømt ei bot på 6 Rdlr. kvar for den tilføyede Skade på Paul Fokstuens Slottemyrer. Fokstugu hadde Storr-hus eller Lyu fleire sted på myre. Blandt anna heiter det Storrhuset den dag i dag like synna for Springarbekksetrin. Og utanfor jernbana litt nord for Fokstugu heiter det Lyuhaugen.» 3 6. desember 1718 var ein forferdeleg dag i Fokstugu. Dette var under den store nordiske krigen der svenskekongen Karl XII prøvde å ta Norge. Oberst Peter Motzfeldt og hans Nordenfjeldske Dragonregiment ville hindre den svenske Armfeldt-hæren å komme mot Dovrefjell, derfor øydela dei alle bruer og på Dovrefjell sette dei alle fjellstuguene i brann. Hjerkinnsmannen sende ein mann til Fokstugu for å varsle. På Fokstugu fekk dei da gøymt noko innbo, og jaga ut alle husdyra. Sylvtøy og andre mindre verdisaker vart lagt i ei trekolle og gravd ned på Kvernhusøyen, denne kolla står fortsatt på Fokstugu. Dragonan sette fyr på i alt 23 hus, inkludert 7 låver fulle av fòr, på Fokstugu. Her sto familien att under berr himmil med kyr, kalver, småfe og seg sjølve å ta hand om når soldatane reid vidare. Som sagt var dette den 6. desember og to dager seinare sette det inn med eit forrykande uver som varte i fleire dagar. Gardguten Siver var da 5 år, systera Gunhild var berre spebarnet, broren Tiøstolv var 3 år og systera Ragnhild 2 år. Det meste av dyra vart berga ned til bygda, kanskje til Arnekleiv der dei hadde familie. Marit og dei små borna fekk bu hjå familien i Dalgardane. Så starta kampen om å bygge opp att garden, økonomisk var det ei umogleg oppgåve. BLÅ RUTE «I mars 1719 reiste Paul saman med Lars Hjerkinn til Cristiania for å søke hjelp hos kongens mann: Deres Excellence Høy Welbaarne Herr Baron og Vice Stadtholder Nådige Herre, som dei innleda brevet dei overleverte. Dei beskreiv her sin nød og elendige tilstand og bad kong Fredrik IV om hjelp til å bygge opp att nye hus. Fredrik IV reiste over Dovrefjell i 1704, så både Lars og Paul hadde trefft kongen før, og kongen hadde òg kjennskap til kor viktig det var med fjellstuguer på Dovrefjell. Dei poengterte sjølvsagt i brevet sitt, betydningen fjellstuguene har «for de reisende».» Vissnok fekk Paul eit hus heime i Folldalen som vart sett opp att i Fokstugu allereie same vinteren eller våren. Gammelstugu i Fokstugu, som og er kalla Håmannstugu, Gunnhildstugu og Søpå, er i to etasjer der fyrste easjen tydeleg er lafta av andre tømmrere, og eldre enn andre høgda. I etasjeskillet står det innskore: ANNO 1729. Fyrste etasjen er derfor truleg fyrste huset som vart uppattbygd. 4 4 Korsvoldmannen måtte på nytt koste stabbur og stall, og etter kvart kom det til like mange hus som før. I 1727 vart fjellstuguene tillagt postbefordring. Det var tidligere pålagt postbønder i Lesja og Oppdal å frakte posten over Dovrefjell, men nå vart det Fokstugu sin plikt å frakte posten sørover til Dovre og nordgående til Hjerkinn. Denne plikta held fram til Dovrebana vart opna i 1921. Syver overtok bygselen etter far sin i 1732, men det var nok fortsatt Paul som var høvdingen. I 1751 døde Siver 39 år, i Kaldvella, på jakt. Syver hadde da 4 barn, den eldste 8 år. Paul tok da tilbake bygselen sjølv og dreiv til han var mest 80 år. Barnebarnet Paul og kona Brit Flagestad overtok etter bestefaren. Paul og Brit fekk 10 barn som alle vart gift til gardar i Lesja og Dovre. Paul d.y. var ikkje så dyktig som bestefaren, dr ifta vart dårlegare og det vart mange klager. Eldste sønn, Syver (1772) overtok men døde 50 år gammel. Enkja Marit Erlands- datter (1781-1861) frå Nordigard Killi var ei myndig og dyktig dame som dreiv Fokstugu meir og mindre fram til ho døydde 84 år gammal. Ho fekk bygd ny stor bygning for skyssdrifta. Ho fødde 8 barn, den eldste Paul (1812-1871) vart gift med Gunnhild Larsdotter Arnekleiv og overtok i 1848 etter mor si. Gunnhild og Pål fekk ikkje lukkelege liv. Pål var en drukkenbolt, og Gunnhild likte å feste å danse. Etter at ho vart enkje hadde ho ein ung kar, Ingebrigt Arnekleivsholen til høvedsmann.» ____________________________________________________________________ Syver Pålsson fekk bygselbrev på Fokstugu i 1732: «Halde husa i forsvarleg stand, samt logerer og befordrer de reisende upaaklagelig i alle maader, hvor imod hand nyder den aarlige told af almuen som sedvanlig samt skattefrihed og kornsæd i gaarden Korsvold.» Ragnhild (1853-1883) dotter til Gunhild og Pål, gifta seg med Anton Tollefsson Lae-Solberg og fekk forpakta Fokstugu i fem år på prøve i 1877, og vart bygselsfolk frå 1882. I bygselbrevet står: «Leilændingen har paa bedste maate at hjelpe og bistaa reisende, samt fremskaffe forsvarlig hus, herberge og forpleining mod billig betaling. Han holder paa fjeldstuen fast skydsstation til de reisendes befordring.» 5 Anton søker Indredepartementet i 1888 om 400 kroner i årleg tilskudd for å vedlikehalde husa: «Fokstuen under min bestyrelse har hævet sig saameget, at den saavel hvad gjæstgiveriet angaar som i andre henseender fuldkommen kan sidestilles med Dovrefjelds øvrige fjeldstuer, der oppebærer statsbidrag. Da næsten alle huse ved min tiltredelse af stedet var gamle og faldeferdige, er endnu mange tilbage, deri den nærmeste fremtid behøver udbedringer.» Nå vart det mykje utbygging av fjellstugu. Ny hotellbygning vart sett opp i 1896, den største i distriktet. Eldre hus vart restaurert og nye vart bygd, ny jord dyrka og dei hadde både telegrafstasjon (1857) og postopneri. Anton var med på stiftelsen av Dovrefjell Automobilselskap A/S saman med dei andre fjellstuguene. Fyrste bilen fekk dei i 1916, selskapet vart oppløyst da jernbana kom i 1921. Men Johannes Hestdal som var sjåfør og Anton køyrde fortsatt mellom Dombås og Oppdal. Anton fekk kjøpt Fokstugu gard i 1931. Sonen Ragnar (1898-1967) tok da over garden, og dreiv til 1950. Ragnar er kjent som lyrikar og biletkunstnar. Under krigen 1940-45 okkuperte tyskerane Fokstugu, da spesielt hotellet og ved å bygge forsvarsanlegg på Fokstugu grunn. Da krigen var over tok tyskerane med seg alt inventar i hotellet. RUSSISKE FANGER???????????????????? Gammel Per Botten, tjenestekar, når og ker?????? Anne Ekre og Ragnar (gjekk konk) Leigde Fokstugu? HVEM HVA HVOR????? HØYFJELLSSANATORIUM???????? KRISTIANIAS condisjonerte til fjells???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????? Vart fast skysstasjon samtidig med Hjerkinn i 1854 ???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????????? 6 Dottera Marit Clara (1929-2000) tok over garden i 1951, da saman med mannen Rolf Sønstebø (1924-1995). Dei bygde ny driftsbygning i 1974 og nytt våningshus i 1981 og anneks i 1957, dreiv garden, hadde den meteorologiske observasjonsstasjonen på Fokstugu, turisme og oppsynet med fuglereservatet på Fokstugumyra. Familien på seks budde i hotellet før det kom nytt våningshus, i hotellet var det rimeleg kaldt om vinteren. Elektrisitet fekk dei ikkje før 1963. Marit dreiv og turisthytte med severing i huset øvst og synst. Palmhuset øvst i garden leigde dei ut til gjester på 1970-talet, her var det fire rom, med felles kjøkken og opphaldsrom. Rolf fekk sett opp ein kiosk oppe ved veggarasjen i 1955, det var Hans Ødegård og Ola Haugen som sette opp kiosken, som vart flytta da ny E6 kom i 1965, og vart ståande like ovanfor E6. Her selde dei is, brus, sjokolade, prospektkort og souvenirar. Det var innleigd ungdom til å stå i kiosken kvart år. Det var stor turisttrafikk her, og geitflokken, da spesielt «bukken på Fokstugu» var ein stor attraksjon. Bukken var glad i tobakk men «tålte» det ikkje, derfor måtte bonden male «gi meg ikke tobakk» på horna hans. Kiosken vart nedlagt ca 1970 og står nå nede på garden som leskur. John Buseth i boka Dovrebanen seier: «Det ble også drevet butikk på Fokstua». Sonen Laurits tok over i 1986, han dreiv garden og hadde pilgrims losji, det vart òg sett i stand eit lite hus som fungerar som Gudshuset. Erlend Fokstugu (1988) er nå drivar på Fokstugu. BLÅ RUTE Lillehammer Tilskuer 20. august 1882 Gåmålt frå Dovre nr 6, 2000: «Gode senger i Fokstugun i 1882. 7 Paa Fokstuen på Dovre har det iaar været 60-70 faste Gjæster. En Mengde Reisende af alle Nationer kommer daglig forbi, saa der er meget livligt. Der er 5 Logihuse for Tiden, men til næste Sommer bliver et nyt Hus færdigt, og da vil der kunne modtages adskillig flere Gjæster. Værelserne er nette, sengene gode og stellet i det hele svært godt. Prisen maa siges at være billig saa høit til fjelds, man betaler ialt kr. 2,50 pr. dag med 25 Øres Afslag naar to deler Værelse. Det var Anton Lae Solberg (1854-1931) som dreiv Fokstugu på den tida og han dreiv garden godt fram og gjorde at stedet vart ein populær plass for turistar og andre reisande. Ja, det var han som bygde hotell i Fokstugun. Folketellinga fra 1875 fortel at det var 10 hestar, 2 ukse, 10 ungdyr, 5 sauer, 23 geiter og 4 griser på garden og der budde i alt 16 menneske.» Johan Collet skriv i 1843 at «Bygningerne ere vel, som sædvanligt i disse Egne, mange, men alle meget smaa og lave, saa omtrent ud som en Samling af Sæterhuse.» (bilde av bukken face 5. nov 2018, Kari Grethe Lilleholmen, Gåmålt frå Dombås 16. feb. 2014 +gardsbok 1, gnr 2/3. Face Leif T Hage 240912 og Anne M Vorkinnslien 250716) BLÅ RUTE! Arnhild Kristine Berg Selsjord fortel: «I min familie var vi alltid ute på søndagstur, ein gong skulle det sykles til Fokstugu. Eg og syster mi satt bak på kvart vårt bagasjebrett, og sekken var full av kaffe og mat. Men det største på turen var at syster mi og eg fekk kjøpe oss kvar vår Soloflaske i kiosken. Vi satt på ein stein og skulle ete da far tok opp pipe og tobakk, og da kom Fokstugubukken og hoppa oppi fanget samtidig som han gjorde så eg velta Soloflaska mi. Eg ba om ny flaske men det var tvert nei når eg ikkje hadde passa på den eg hadde, syster mi måtte dele med meg. Eg var ikkje så glad i Solo så det gjekk bra, men eg var harm på bukken som hoppa opp.» _______________________________________________ «Herved anmeldes at undertegnede Rolf Sønstebø, adr.: Fokstuen Fjellstue akter å drive handel med forretningskontor Dovre under firma FOKSTUA TURISTHANDEL, Rolf Sønstebø, Fokstuen Fjellstue, mai 1955. Registrert i dag. Nord-Gudbrandsdal handelsregster 9. juni 1955. ___________________________________________________________________ «Aftenposten lørdag morgen 23 mai 1893: DOVREFJELD På Fokstuen som ligger 3200 o.H, modtages foruden Gjennemreisende cirka 80 Sommergjæster for hele Sommeren eller kortere Ophold. Anledning til Jagt, Fiskeri og Bestigning af Høifjeld. Daglig bud på Post- og Telegrafstationen. Gjæsterne kan af hentes med Skyds fra Fokstuen. Moderate Priser. Nærmere ved Anton Solberg Fokstuen pr. Dombås» 8 Fokstua Turisthandel/Fokstugu Fjellstug og Høyfjellssanatorium 2/3 0515039-6886798 1 Kong Eystein bygde sælehusa over Dovrefjell fyrst på 1100-talet, og da kan ein vel tenke att Fokstugu var eit av dei. Ragnar Sønstebø skreiv i 2000: Fyrste sælehuset i Fokstugu vart nok bygd ein kilometer sør for der husa ligg nå, og i libandet på nordendin av Nordseterhovda syne det tuft etter hus som støtt har vore omtålå som «Gamle Fokstugu tofte». Huset var nok eit enkelt og lite torvtekkt timbrahus som vart ståan der grått og aleine, men det var livsviktig å kommå til i dårleg vær. For Fokstugu var det Korsvold på Dovre som var tillagt plikta, dei hadde ansvar for tilsyn og vedlikehald. Utviklinge tå Fokstugu dei neste 500 åra veit oss svært lite om, men etter kvart vart ferdselen større og husa truleg både fornya og bygd fleire og større. Korsvoldbonden fekk med dette større plikter i Fokstugu, vedlikehald, skaffe ved, og jamvel køyring av mat og øl når det kom krigsfolk over fjellet. Etter kvart vart andre bønder i Dovre òg tillagt pliktarbeid i Fokstugu. Det var derfor stor interesse for at det kom fastbuande folk i Fokstugu. I 1646 vart det fastsett kor stort område som skulle tillegges Fokstugu, og den fyrste uppsittaren busette se der. Det var Hans Steinarsson frå Dalholen og kjerringa hans Ingeleff Pedersdotter. Nå vart husa fløtt dit som dei står i dag. Det kan vera fleire årsaker til fløttinga. Viktig var vatn som det er rikeleg av i Foksåe, det var rimeleg god og lett jord å dyrke der, og kanskje var det med hensikt at det skulle vera hus på den mest værharde plassen, som er akkuratt her ved utløpet tå Foksådalen. 1646 vart derfor starten på Fokstugu som skysstasjon. Det var mykje som skulle til dei fyrste åra for at dette skulle bli ein sjølvhjølpt gard som kunne fø folk med datidas naturhushaldning. Det vart dyrka opp ny jord og bygd nye hus. Korsvoldmannen måte bygge ein stall og eit stabbur i tillegg til at han var med å bygde eit stuguhus. Låver, fjos, eldhus, kokhus m.m. måtte Hans sjølv få bygd. Sjølv med rydding av gard frå botnen av må oppbygginga ha gått fort, for da kona Ingeleff døydde etter 13 år på Fokstugu (1659) var det ved skiftet oppgjeve 8 kyr. Hans gifta seg andre gongen med Mari Bølogsdotter og fekk i alt 5 born. 2 Den eldste sønnen, Siver, overtok i Fokstugu og gifta seg med Berte Haldogsdotter frå Folldalen. Det vart og bygd kvennhus ovanfor garden ved Foksåe desse fyrste åra. Det var jo ikkje mogleg å dyrke korn på fjellet, men Fokstugu fekk ein åkerlapp til disposisjon på Korsvold, «Fokstuguåkeren». I tillegg så vart fleire bønder ilagt såkalla fjellstugutoll eller korntoll som dei betalte/leverte til fjellstuguene. Fjellstugutollen vart oppheva fyrst i 1842 da Stortinget bevilga 1000 spesidaler til fordeling på fjellstuguene til årleg erstatning for kontrollen. Det var malt «eige» mjøl i eige bekkekvenn på Fokstugu heilt fram til 1900-talet. Siste kvennhuset fekk bestefar Ragnar Torleif Lae Solberg fløtt upp i Fokstugulie rundt 1930, og det vart da til ei lita hytte som blir kalla «Diktarhytta». Siver og Berte fekk ikkje barn, derfor vart Paul Thiøstelsen (1687-1773) frå eine Dalgarden i Folldalen den tredje brukaren i Fokstugu. Han var brorsønn til Berte, og gifta seg med Marit Sjugurdsdotter frå Nistugu Arnekleiv. BLÅ RUTE! «STORRMYRIN Paul Thiøstelsen Fogstuen vart ein dyktig drivar, han kom som 17 åring til Fokstugu. Paul ville bli ein høvding på Dovrefjell. I 1712 førte han rettsak om «storrslåtten» på Fokstugumyrin. Denne tvisten mot gardbrukere i bygda gjekk så langt at den tilslutt vart behandla i Høgsteretten i København. Det var myrin ved Lesjabekk, seinare kalla «Trettemyrin» det vart kjempa om. Til slutt fekk Paul rettens kjennelse på at Dofre Almue har ingen rett til at slaa i Almindingen, thi dette forbyder den norske lov. Men, 30 juni 1718 var retten på nytt samla på Fokstugumyrin for nå hadde leikevel 6 bønder frå Killi, Landem og Ruste vore på storr-slått. Dei var da idømt ei bot på 6 Rdlr. kvar for den tilføyede Skade på Paul Fokstuens Slottemyrer. Fokstugu hadde Storr-hus eller Lyu fleire sted på myre. Blandt anna heiter det Storrhuset den dag i dag like synna for Springarbekksetrin. Og utanfor jernbana litt nord for Fokstugu heiter det Lyuhaugen.» 3 6. desember 1718 var ein forferdeleg dag i Fokstugu. Dette var under den store nordiske krigen der svenskekongen Karl XII prøvde å ta Norge. Oberst Peter Motzfeldt og hans Nordenfjeldske Dragonregiment ville hindre den svenske Armfeldt-hæren å komme mot Dovrefjell, derfor øydela dei alle bruer og på Dovrefjell sette dei alle fjellstuguene i brann. Hjerkinnsmannen sende ein mann til Fokstugu for å varsle. På Fokstugu fekk dei da gøymt noko innbo, og jaga ut alle husdyra. Sylvtøy og andre mindre verdisaker vart lagt i ei trekolle og gravd ned på Kvernhusøyen, denne kolla står fortsatt på Fokstugu. Dragonan sette fyr på i alt 23 hus, inkludert 7 låver fulle av fòr, på Fokstugu. Her sto familien att under berr himmil med kyr, kalver, småfe og seg sjølve å ta hand om når soldatane reid vidare. Som sagt var dette den 6. desember og to dager seinare sette det inn med eit forrykande uver som varte i fleire dagar. Gardguten Siver var da 5 år, systera Gunhild var berre spebarnet, broren Tiøstolv var 3 år og systera Ragnhild 2 år. Det meste av dyra vart berga ned til bygda, kanskje til Arnekleiv der dei hadde familie. Marit og dei små borna fekk bu hjå familien i Dalgardane. Så starta kampen om å bygge opp att garden, økonomisk var det ei umogleg oppgåve. BLÅ RUTE «I mars 1719 reiste Paul saman med Lars Hjerkinn til Cristiania for å søke hjelp hos kongens mann: Deres Excellence Høy Welbaarne Herr Baron og Vice Stadtholder Nådige Herre, som dei innleda brevet dei overleverte. Dei beskreiv her sin nød og elendige tilstand og bad kong Fredrik IV om hjelp til å bygge opp att nye hus. Fredrik IV reiste over Dovrefjell i 1704, så både Lars og Paul hadde trefft kongen før, og kongen hadde òg kjennskap til kor viktig det var med fjellstuguer på Dovrefjell. Dei poengterte sjølvsagt i brevet sitt, betydningen fjellstuguene har «for de reisende».» Vissnok fekk Paul eit hus heime i Folldalen som vart sett opp att i Fokstugu allereie same vinteren eller våren. Gammelstugu i Fokstugu, som og er kalla Håmannstugu, Gunnhildstugu og Søpå, er i to etasjer der fyrste easjen tydeleg er lafta av andre tømmrere, og eldre enn andre høgda. I etasjeskillet står det innskore: ANNO 1729. Fyrste etasjen er derfor truleg fyrste huset som vart uppattbygd. 4 4 Korsvoldmannen måtte på nytt koste stabbur og stall, og etter kvart kom det til like mange hus som før. I 1727 vart fjellstuguene tillagt postbefordring. Det var tidligere pålagt postbønder i Lesja og Oppdal å frakte posten over Dovrefjell, men nå vart det Fokstugu sin plikt å frakte posten sørover til Dovre og nordgående til Hjerkinn. Denne plikta held fram til Dovrebana vart opna i 1921. Syver overtok bygselen etter far sin i 1732, men det var nok fortsatt Paul som var høvdingen. I 1751 døde Siver 39 år, i Kaldvella, på jakt. Syver hadde da 4 barn, den eldste 8 år. Paul tok da tilbake bygselen sjølv og dreiv til han var mest 80 år. Barnebarnet Paul og kona Brit Flagestad overtok etter bestefaren. Paul og Brit fekk 10 barn som alle vart gift til gardar i Lesja og Dovre. Paul d.y. var ikkje så dyktig som bestefaren, dr ifta vart dårlegare og det vart mange klager. Eldste sønn, Syver (1772) overtok men døde 50 år gammel. Enkja Marit Erlands- datter (1781-1861) frå Nordigard Killi var ei myndig og dyktig dame som dreiv Fokstugu meir og mindre fram til ho døydde 84 år gammal. Ho fekk bygd ny stor bygning for skyssdrifta. Ho fødde 8 barn, den eldste Paul (1812-1871) vart gift med Gunnhild Larsdotter Arnekleiv og overtok i 1848 etter mor si. Gunnhild og Pål fekk ikkje lukkelege liv. Pål var en drukkenbolt, og Gunnhild likte å feste å danse. Etter at ho vart enkje hadde ho ein ung kar, Ingebrigt Arnekleivsholen til høvedsmann.» ____________________________________________________________________ Syver Pålsson fekk bygselbrev på Fokstugu i 1732: «Halde husa i forsvarleg stand, samt logerer og befordrer de reisende upaaklagelig i alle maader, hvor imod hand nyder den aarlige told af almuen som sedvanlig samt skattefrihed og kornsæd i gaarden Korsvold.» Ragnhild (1853-1883) dotter til Gunhild og Pål, gifta seg med Anton Tollefsson Lae-Solberg og fekk forpakta Fokstugu i fem år på prøve i 1877, og vart bygselsfolk frå 1882. I bygselbrevet står: «Leilændingen har paa bedste maate at hjelpe og bistaa reisende, samt fremskaffe forsvarlig hus, herberge og forpleining mod billig betaling. Han holder paa fjeldstuen fast skydsstation til de reisendes befordring.» 5 Anton søker Indredepartementet i 1888 om 400 kroner i årleg tilskudd for å vedlikehalde husa: «Fokstuen under min bestyrelse har hævet sig saameget, at den saavel hvad gjæstgiveriet angaar som i andre henseender fuldkommen kan sidestilles med Dovrefjelds øvrige fjeldstuer, der oppebærer statsbidrag. Da næsten alle huse ved min tiltredelse af stedet var gamle og faldeferdige, er endnu mange tilbage, deri den nærmeste fremtid behøver udbedringer.» Nå vart det mykje utbygging av fjellstugu. Ny hotellbygning vart sett opp i 1896, den største i distriktet. Eldre hus vart restaurert og nye vart bygd, ny jord dyrka og dei hadde både telegrafstasjon (1857) og postopneri. Anton var med på stiftelsen av Dovrefjell Automobilselskap A/S saman med dei andre fjellstuguene. Fyrste bilen fekk dei i 1916, selskapet vart oppløyst da jernbana kom i 1921. Men Johannes Hestdal som var sjåfør og Anton køyrde fortsatt mellom Dombås og Oppdal. Anton fekk kjøpt Fokstugu gard i 1931. Sonen Ragnar (1898-1967) tok da over garden, og dreiv til 1950. Ragnar er kjent som lyrikar og biletkunstnar. Under krigen 1940-45 okkuperte tyskerane Fokstugu, da spesielt hotellet og ved å bygge forsvarsanlegg på Fokstugu grunn. Da krigen var over tok tyskerane med seg alt inventar i hotellet. RUSSISKE FANGER???????????????????? Gammel Per Botten, tjenestekar, når og ker?????? Anne Ekre og Ragnar (gjekk konk) Leigde Fokstugu? HVEM HVA HVOR????? HØYFJELLSSANATORIUM???????? KRISTIANIAS condisjonerte til fjells???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????? Vart fast skysstasjon samtidig med Hjerkinn i 1854 ???????????????? Fokstugu er den nyaste fjellstugu på Dovrefjell ????????????????? 6 Dottera Marit Clara (1929-2000) tok over garden i 1951, da saman med mannen Rolf Sønstebø (1924-1995). Dei bygde ny driftsbygning i 1974 og nytt våningshus i 1981 og anneks i 1957, dreiv garden, hadde den meteorologiske observasjonsstasjonen på Fokstugu, turisme og oppsynet med fuglereservatet på Fokstugumyra. Familien på seks budde i hotellet før det kom nytt våningshus, i hotellet var det rimeleg kaldt om vinteren. Elektrisitet fekk dei ikkje før 1963. Marit dreiv og turisthytte med severing i huset øvst og synst. Palmhuset øvst i garden leigde dei ut til gjester på 1970-talet, her var det fire rom, med felles kjøkken og opphaldsrom. Rolf fekk sett opp ein kiosk oppe ved veggarasjen i 1955, det var Hans Ødegård og Ola Haugen som sette opp kiosken, som vart flytta da ny E6 kom i 1965, og vart ståande like ovanfor E6. Her selde dei is, brus, sjokolade, prospektkort og souvenirar. Det var innleigd ungdom til å stå i kiosken kvart år. Det var stor turisttrafikk her, og geitflokken, da spesielt «bukken på Fokstugu» var ein stor attraksjon. Bukken var glad i tobakk men «tålte» det ikkje, derfor måtte bonden male «gi meg ikke tobakk» på horna hans. Kiosken vart nedlagt ca 1970 og står nå nede på garden som leskur. John Buseth i boka Dovrebanen seier: «Det ble også drevet butikk på Fokstua». Sonen Laurits tok over i 1986, han dreiv garden og hadde pilgrims losji, det vart òg sett i stand eit lite hus som fungerar som Gudshuset. Erlend Fokstugu (1988) er nå drivar på Fokstugu. BLÅ RUTE Lillehammer Tilskuer 20. august 1882 Gåmålt frå Dovre nr 6, 2000: «Gode senger i Fokstugun i 1882. 7 Paa Fokstuen på Dovre har det iaar været 60-70 faste Gjæster. En Mengde Reisende af alle Nationer kommer daglig forbi, saa der er meget livligt. Der er 5 Logihuse for Tiden, men til næste Sommer bliver et nyt Hus færdigt, og da vil der kunne modtages adskillig flere Gjæster. Værelserne er nette, sengene gode og stellet i det hele svært godt. Prisen maa siges at være billig saa høit til fjelds, man betaler ialt kr. 2,50 pr. dag med 25 Øres Afslag naar to deler Værelse. Det var Anton Lae Solberg (1854-1931) som dreiv Fokstugu på den tida og han dreiv garden godt fram og gjorde at stedet vart ein populær plass for turistar og andre reisande. Ja, det var han som bygde hotell i Fokstugun. Folketellinga fra 1875 fortel at det var 10 hestar, 2 ukse, 10 ungdyr, 5 sauer, 23 geiter og 4 griser på garden og der budde i alt 16 menneske.» Johan Collet skriv i 1843 at «Bygningerne ere vel, som sædvanligt i disse Egne, mange, men alle meget smaa og lave, saa omtrent ud som en Samling af Sæterhuse.» (bilde av bukken face 5. nov 2018, Kari Grethe Lilleholmen, Gåmålt frå Dombås 16. feb. 2014 +gardsbok 1, gnr 2/3. Face Leif T Hage 240912 og Anne M Vorkinnslien 250716) BLÅ RUTE! Arnhild Kristine Berg Selsjord fortel: «I min familie var vi alltid ute på søndagstur, ein gong skulle det sykles til Fokstugu. Eg og syster mi satt bak på kvart vårt bagasjebrett, og sekken var full av kaffe og mat. Men det største på turen var at syster mi og eg fekk kjøpe oss kvar vår Soloflaske i kiosken. Vi satt på ein stein og skulle ete da far tok opp pipe og tobakk, og da kom Fokstugubukken og hoppa oppi fanget samtidig som han gjorde så eg velta Soloflaska mi. Eg ba om ny flaske men det var tvert nei når eg ikkje hadde passa på den eg hadde, syster mi måtte dele med meg. Eg var ikkje så glad i Solo så det gjekk bra, men eg var harm på bukken som hoppa opp.» _______________________________________________ «Herved anmeldes at undertegnede Rolf Sønstebø, adr.: Fokstuen Fjellstue akter å drive handel med forretningskontor Dovre under firma FOKSTUA TURISTHANDEL, Rolf Sønstebø, Fokstuen Fjellstue, mai 1955. Registrert i dag. Nord-Gudbrandsdal handelsregster 9. juni 1955. ___________________________________________________________________ «Aftenposten lørdag morgen 23 mai 1893: DOVREFJELD På Fokstuen som ligger 3200 o.H, modtages foruden Gjennemreisende cirka 80 Sommergjæster for hele Sommeren eller kortere Ophold. Anledning til Jagt, Fiskeri og Bestigning af Høifjeld. Daglig bud på Post- og Telegrafstationen. Gjæsterne kan af hentes med Skyds fra Fokstuen. Moderate Priser. Nærmere ved Anton Solberg Fokstuen pr. Dombås» 8
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:Ragnar Sønstebø, reisehandbøker

Registrert av:Merete Killi Moastuen