Historikk: | Reinheim Snøheim
0518465-6912315 0518170-6907001
Reinheim vart sett opp av Johan Fredrik Hjerkinn i 1888, han var innehavar på Hjerkinn Fjellstugu, fjellentusiast og fotograf.
DNT køpte hytta av Johan i 1922 for 40 kroner, Reinheim var da ved stort forfall, DNT restaurerte og opna Reinheim i august 1923, og stengde ned og reiv hytta i 1952. Steinmuren og ein minnestein etter Gamle Reinheim er god å sjå.
Ny hytte vart bygd og ho fekk namnet Snøheim.
DNT drifta Snøheim fram til Forsvaret overtok i 1959, det vart da eit militært skytefelt mellom Hjerkinn og Gamle reinheim.
Ei ny sjølvbetjeningshytte opna i 1961, hytta fekk namner Reinheim, ho ligg i
Stroplsjødalen.
Hytta 34 sengeplassar, er fullt møblert, og har eit stort utvalg av mat på eiga
proviantrom, solcelle, USB, vedfyring og vassbæring.
Snøheim kom under DNT att da skytefeltet vart nedlagt i 2010.
Snøheim gjenopna sommaren 2012.
Det er 80 sengeplassar, og middag.
Det går skyttelbuss frå Hjerkinn inn til Snøheim fleire gonger kvar dag om
sommaren.
Marit Angardslien Kråkvoll (1892-1971) gift med John Kråkvold, dei tok over
Kråkvold.
Marit var kokke på Snøheim i fleire år, har eit avisbilde frå 1957, der Marit, John Angard og Einar Domaas er med.
Ho leverte mat til ulike selskap når ho var i bygda.
Marit søkte på kafebevilling i Skeievoll i 1950.
|