Historikk: | Hjerkinn Handel
0528576-6898872
Skulen på Hjerkinn vart nedlagt i 1957.
Knut Våge og frue opna kafe her fyrst på 1960-talet, dei hadde stor trafikk av militær som var på øvelse, Knut køyrde òg skulebussen over fjellet til Dombås.
Dombås Samvirkelag tok over og opna ein filial på Hjerkinn i 1968. Ester Flateng (1928-2012 dreiv både butikken og kafeen fram til 1974, Johan Birger Berget var vikar i 1972-73.
John Alfred Angard fortsette butikkdrifta men ikkje kafeen frå 1975.
Torbjørn Strandås leigde staden frå 1986, og kjøpte heile staden på 1990-talet.
Da han vart sjølveigar bygde han om og fekk til campingplass og nytt sanitæranlegg i kjellaren.
Elin Wittusen kjøpte huset og campingplassen i oktober 2001.
Marit Hasvold Egeland kjøpte campingplassen i mars 2018.
Kjelde: JoBiBe, Eli Odden, «Butikkar i Dovre, 1820-1980»
|