Historikk: | Hjerkinnhus Hotell
0528303-6898904
Hotellet vart bygd i 1919 av Otto og Ingvald Hjerkinn.
Hotellet vart drivi av Ingvald (1887) og kona Anne Olsdotter Hoel (1895) frå Oppdal. Attåt dreiv dei butikk, eiga bensinpumpe og Ingvald var postopnar på 2661 Hjerkinn frå 1919.
Otto dreiv butikk på Kongsvold fram til 1934.
BLÅ RUTE
Frå artikkel i Gudbrandsdølen 3. februar 1949:
«Ingvald Hjerkinn søkte om rett til skjenking av øl og vin for Hjerkinnhus hotell i vinter- og sommersesongen 1949.
Ordføreren foreslo at det først ble avgjort om søkeren skulle få vinrett. Vi er enig om at fjellstuene får ølrett, men det er et annet spørsmål når det gjelder vinretten.
Ved avstemning ble søknaden om vinrett avslått med 10 mot 5 stemmer. Derimot ble det enstemmig vedtatt at søkeren får rett til skjenkning av øl til utenbygdsboende og faste gjester dette året. Avgiften ble forhøyet fra 50 til 75 kroner.»
Forsvaret ved «Hjerkinn skytefelt administrasjon» tok over Hjerkinnhus i 1957 og hadde det til 2008. Her var det militær frå heile Norge, engelske soldatar var og her. Forsvaret hadde eiga kokk og proviantforvaltar.
Inger Hessen var på kjøkkenet frå 1993 til 2002.
Arvid Killi var bestyrar ved Forsvarets kantiner på skytefeltet frå 1956 til 1964.
Dovre kommune fekk Hjerkinnhus i gave frå Miljøverndepartementet i 2008, det kunne vorte ei kostbar gave, men i 2009 overtar Anne Stine Hjerkinn drifta.(Dovrebygde 2012).
Øyvind Frich og Einar Olsen-Bye kjøpte Hjerkinnhus hotell i 2014, Trine Flåtten og Øyvind Jakobsen vart da daglege leiarar.
I dag eig Øyvind Frich aleine og namnet er Frich`s Motel & Spiseri Hjerkinn. Frich kjøpte Hjerkinnhus av forsvaret og fekk til ei god avtale for dei neste 10 åra.
Frå her kan ein vera med på guida moskussafari, bussen til Snøheim stoppar her, og det er restaurant og hotell her.
Dovrebanen 2021 og 2024
Kjelde: John Buseth, Eli Odden, Inger Hessen, Arvid Killi
|