Historikk: | Kantinehytta i Hjerkinnholen
Arvid Killi (1931) var med å sette opp denne hytta i 1955-56, her var det utsalg og lager. Arvid var bestyrar og hadde utsalget frå 1955-1961. I 1961 vart det bygd nytt kantinebygg på Hjerkinn administrasjon, Arvid var bestyrar der til 1964.
Kantinetjenesten i Forsvaret låg under Forsvarsdepartementet fram til 1964 da det vart Statens kantiner, kantine bilane fekk da teksten «Statens kantine» utanpå.
Det var store militærleirar rundt om i området som Atndalen og Hjerkinnholen, dei krevde mykje mat og ved.
Det var stort utvalg av varer både i hytta og på bilane. Det var varm mat og andre salgsvarar frå kiosken/kantina og frå bilane. Soldatane fekk lave prisar, subsidiert av forsvarsbudsjettet.
Kantina i Hjerkinnholen stod i ein open militærleir slik at alle kunne handle i kiosken. Frå 1964 vart dei ansatte lønna frå Statens lønnsregulativ.
I 1962 vart Kantinehytta seld til Kaptein Myhran, sjef for skytefeltet, og flytta til
Hegglingen.
|