Historikk: | Bergseng seter 40/2
0543054-6884573
Tollevshaugen ligg i Grimsdalen, ved Løken. Ein ser rett bort på Rondanetoppane, og Streitkampen er ein fin tur unda. Bomveg frå Dovre til Atndalen.
Liv (1937) og Hans (1934-2021) Bergseng restaurerte fleire av seterhusa rundt år 2000 og opna dei for overnatting med sjølvhushald. Inventar og utstyr som gjer dei til feriehus med god standard.
Det vart fem hus, Nystugu frå 1934, Gammelstugu frå 1793 som vart delt i to Veslstugu og Gammelstugu, Geithuset og Plasstugu som vart kjøpt frå Plassetra.
Det er ca 20 sengeplassar i dei fem husa, men oftast er det ein som leiger eit av husa.
Kvistli Islandshester frå Dalholen er stamgjestar og leiger alle husa ei natt om
sommaren.
Sanitærtilbodet var utedo fram til 2001. Da bygde dei felles vaskerom, to toalett, ein dusj med gassoppvarma vatn, om du er snar, og ein oppvaskbenk i det gamle fjøset.
Sonen Lars Ove tok over turist næringa i 2013, men Liv er med når ho vil.
Lars Ove kjøpte Løken seter i 2005, den setra ligg nedanfor Tollevshaugen ved elva Grimse.
Kjelde: «Sætrer og sæterdrift i Dovre», Liv Bergseng, Lars Ove Bergseng |