Historikk: | Anders Nuvstad bygde opp denne steinbua i 1880 åra. Han bygde og Kvannslådalsbui.Han jakta mye sammen med Iver Olstad, Stor Ola Rostløkken og Vetl-Rustin. Eingong Knut Sagsletten og Iver Olstad låg i bua i forrykande uvær kom Stor Ola ramlande inn dør , gjennomblaut og utslitt, han sovna tvert uten å si eit ord. Dette vart hans siste fjelltur.Bua fekk sitt endeligt ved at den blåste vekk. Tre karer låg ei heil natt og holdt taket, men om morgon når dei gjekk for taket. Murene synes godt enda.
Knut Ola Linløkken, Selsverket har funnet opplysningar om bua i "Rettsbok fra rettsmøte 24.07.1924. For 11. felt side 113, 1. kolonne, 4. avsnitt," der Gunnar Brekken 60 år, og daverande eigar av Brekkesetra på Høvringen vitna for kommisjonen og sa: "I Verkjilsdalen har Brekken for en 30 år siden (1894) sammen med A.Nuvstad og Ivar Olstad fra Sel samt Ole Ulheim fra Dovre bygget en jaktbu i stein." |