Historikk: | Sivert Hovde (1896- 1979) og Edvard Vangen (1871- 1952) sette fyrst opp ei bu i grustaket hema Vegaskjelet, i 1956 fløtte Sivert og Håkon Wangen bua til Grønbakketjønn. Wangen trekkte seg frå å eige i bua etter fløtting. Sverre Hovde og Harald Svendsgaard lånte traktor av Magne Talleraas og frakta bua over Einsethø og ned til tjønna. Det sto to buer ved tjønnene fra før, ei som Kåre Brun eigde.(408) Ragnar og Kåre fekk da beskjed om å rive buene sine da dei sto på statsgrunn. Kåre reiv bua si, men Ragnar vart stoppa av Eirik Hovdeløkken når han var på tur innover. Eirik var sikker på at bua sto i heimrast. Ragnar måtte da møte i retten på Bådsto, på så kort varsel at han ikkje fekk med seg advokat. Men da han kom dit hadde dei vore ute med helikopter og funnet ut at bua sto i heimrast, men for nærme grensa. Det vart ikkje gjort meir med saken. ( fortalt av Ragnar Hovde april 2017). Ragnar og Ivar Rognrusten kledde opp at bua utvendig og sette inn glas, dei bygde og eit lite uthus.Nils Nebylien leigde hytta , og sette den i stand innvendig, og sette opp hundgard. Eivind bruker hytta sjølv nå. |