Historikk: | Oppsett av Magnar Borstad, med hjelp av Oddmar Nordli, fyrst på 1950 talet. Bua er eit gamalt eldhus frå Dombås nedre som Hans H Bentdal (1902-1992)?? eigde. Hans og Magnar hadde derfor ei muntleg avtale om at Hans skulle være med å fiske når Magnar skulle innpå. Når Erland tok over hytta vart det "berre" til at sonen til Hans fortsette samme "retten", han heitte Odd Harald (1942). Han brukte hytta ein del om hausten på fuglejakt, eit år såg folk på Nysætra tre hunder som sprang vilt i tre dager, da gjekk dei oppover og fann Hans sittende død ved ein stein. Hans hadde god kontakt med forsvaret på Hjerkinn så det var han som ordna med nøkkel for å få kjøyre innover. Dattera til Hans har halve delen av bua nå, etter at den vart påbygd litt for ein del år sia. |