Historikk: | Ola Rolstad, Lesja traff Johan Hjerkin i dårleg vær i 1888- 1889, dei gjekk da i lag til Reinheim for ly.Dei kom da i prat om at det hadde vore lugumt å ha ei bu i Kjelsungdalen, som tenkt så gjort.I fellesskap vart takåser dør og glas kjøyrt innover. Men så gjekk Johan konkurs og måtte kvitte seg med eiendeler deriblant bua. Ola såg ingen verdi i bua lenger fordi han vart forkjøla kvar gong han var der, pga at det var fuktig i bua.Peder Berg(1861-1931) kjøpte denne bua på auksjon på Hjerkinn. Ola Sillibakken ville kjøpe tufta og bygge opp ny bu, men fekk nei fra Berg. Noen lesjinger er harme på denne bua , når dei passerer ho kaster dei bort ein stein, vil ikkje ha dovringer her. Ved grensesetting mellom Lesja og Dovre meinte ordfører Gunder Bentdal at bua måtte ligge på Dovre |