Historikk: | Oppsett på 1950-talet av Syver Brustuen(1900-1974). Bua vart fløtt frå heime(Brustugu) og innover hit, som jaktbu.Syver hadde lastebil så han kjørte ho sjølv. Heime var bua bolighus og bestemor til Ragna Stubmo budde her heile livet.
Ragna fortel:Magnus Kroksveen, som var gift med tante Marie satt inne på kjøkkenet og drakk kaffe, han satt innafor vinduet. Tyskerne dreiv på andejakt i elva, da ein av dei snudde seg og skaut inn ved glaset, treffte Magnus i hjertet så han døde momentant. Tyskerne påsto det var eit uhell, Ragna trur ikkje det. Ho fortel at Magnus var konduktør og hadde uniform på seg, ho meine at tyskern vart redd og gjorde det enkelt for seg sjølv. Skotholet er under glaset den dag i dag. |