Historikk: | Matr. 1723: "Qværn hvorpå kan mahles til huusnøtte."
Kvennhuset låg på nordsida av Storrustbekken, rett sør for garden. Det er ikkje langt opp til Byskjet, men bratt.
Ein finn to trerenner i tufta som båe tydeleg var uthola, samt fleire stokkar av veggen. Oppe i bekken er det restar etter ein kvenndam, der ein finn tre høgder med grovt tømmer, og ein ser tydeleg tømmerknutane. Frå dammen og ned til kvenne var det ei grov, uthola trerenne omlag 10 meter lang.
Her ligg det og brukte kvennsteinar med diameter på 0,7 meter. Vi ser tydeleg kvennvegen rett sørover frå garden Stnorrusten. Solfoss 66/5 vart frådelt Storrusten i 1913, da som eit eige lite bruk. I skjøtet står: "Solfos 66/5 har rett til å benytte den gamle veg, og hovudbølet har rett til kvennveg og vassveg over Solfos." Båe dei nemnte parsellar hadde rett til hovudbølets vassleidning.
Spåhaugen/Elvestad 66/4 fekk bruke kvenne ved behov.
Kvenne var brukt under krigen (1940-45) til maling av korn, noko som tyskerane hadde gjeve forbod mot. Etter krigen var ikkje kvenne brukt og har raskt forfalle.
Sefrak har registrert at det på kvennhusdøra var skrivi inn, "P 185?", det siste talet er ikkje leseleg. |