Historikk: | I Matr. 1668 står garden oppført med kvenn, og drivar var Svein Østensen. I 1711 er det skifte etter Erik Sveinsson, i eit av punkta står «1 liden Becke Qværn med all tilhørende Redskab». Verdien var sett til 1 rd.
I Matr. 1723 står det at garden hadde «quern hvorpaa kand mahles til huusenøtte». Da var det Ola Eriksson som eigde garden. Kvar kvennbruket låg i desse åra veit ein ikkje sikkert. Sør for Haugen renn Kvennbekken og nord for garden renn Ryddølsåe, det er om lag same avstand til kvar av dei. I denne perioda var det mykje kontakt mellom Haugen og Ulheim. Det var makeskifte av eng og utmark og fastsetting av grenser. I Kvennbekken er det ei gamal tuft etter det som kan ha vore ei kvenn (ID 882). kan hende hadde Haugen kvenn her?
I 1753 kjøpte Sivert Hansson garden Ryddøla, da fanst det ikkje kvenn der, men Ola Haugen hadde gjeve Ryddøla eit tilbod for å få til kvennveg over jordet deira. Så lenge Ola fekk veg, skulle Ryddøla få kvenn. Etter den tida veit ein sikkert at Ryddølsåe var kvennåe for Haugen. Kvenne vart øydelagt i Storofsen.
I 1913 kjøpte Svend O. Breidal, Beithaverlykkja for kr 8000,-, «med i handelen følger til fuld eiendomsret halvparten av Haugens kvernbruk i Rødølsaaen. Vedlikeheldelse av dette kvernbruk skal være felles».
Sefrak 1980: Det er spor etter ein brann i 1910. Ola Leren og Jørn Kolden bygde opp att kvenne av tømmer frå ein gamal låve i 1910. Ein ser enda restar etter demning, renner og ein kvennstein. I dag har kvenne sklidd ned frå tufta og tømmerkassa ligg på sida nedanfor, den er 12 kvadratmeter stor. Inni ligg ein heil kvennstein på 70 cm i diameter og 12 cm tjukk.
Det var to eigarar i kvenne, Haugen 64/1 og Breidalen 63/2 med ein 1/2 del kvar.
|