Historikk: | Helmer Stordal (1905-1993) har skrivi: "I samarbeid med Jørgen Rødølen vart kvennhuset omgjort til eit lite elektrisitetsverk i 1935. Ingeniør Davidsen frå Oslo skaffa brukt maskineri og stod for alt arbeid med montering. Ved prøvekøyringa rauk dynamoen. Etter nokre år vart verket slitt og da spesielt turbinen. Men det var eit års leveringstid på ein ny. Derfor selde vi maskiner og røyrledning til Elektrobygg A/S på Hamar, utan å tape kroner på det. No måtte ein prøva å få straum frå Eidefoss."
Sefrakregistrering 1980: "ved vegen til kvennhuset på ein fjellvegg er det innrissa bokstavar og tall. Det einaste som kan tydast er 1808. Dam, tømmer, renner, dør, golv og diverse andre rester låg att her til vegbygginga rundt 1960."
Rekneskap for elektrisitetsverket 1935.
-Turbin og regulator kr 2400,-
-Dynamo kr 850,-
-Frakt kr 1333,95
-Diverse mindre kostnader, totalsum ut vart kr 4486,-
- LÃ¥n i Sell sparebank kr 5000,-
-LÃ¥n i Sell sparebank kr 5000,- |