Historikk: | Lindsø var opprinneleg ein gard, kanskje heilt attende til vikingtida. Garden vart nok delt i to rundt 1625.
I matr. 1668 var garden oppført med kvenn, og matr. 1723: "Ei Kvern hvorpå ikkun kan mahles til huusnøtte." Det er da naturleg og tru at ein har funne denne kvenne i Stavåa.
I 1731 vart det konflikt om retten til vatn frå Stavåe mellom Lindsø og Tofte, kven hadde den fyrste retten til vatnet? Etter terrenget å dømme skulle ein tru det var Lindsø, da Stavåe renn heilt inntil gardane. Men hadde Tofte vassrett innanfor eigedomsgrensa til Lindsø? Dette måtte prøvast, dei to brukarane på Lindsø stengde derfor veita ned til Tofte. Pål Tofte fekk seg da ein prokurator frå Christiania og stevna naboane til synfaring på staden, den 28. juli 1731. Åkrane var da kvite av turke. Men saka vart utsett til 27. september 1731, fordi Tofte ikkje hadde fylgt reglane på den fyrste stemninga. Dette gjorde att saka gjaldt både vassrett og tap av avling. Det skulle avhøyrast mange vitne. Budsjord, Killi og Vorkinn som alle hadde vassrett i Stavåe, da nedanfor teppa til Lindsø og Tofte. Sidan ein del av Lindsø var kyrkjegods var det eit vitne frå stiftamtmannen i Christiania til stades.
Tofte stilte med 14 vitner, tenarar som kunne ha vore i arbeid hjå båe partar og husmenn under Tofte. At Lindsø og Tofte hadde nytta vatn frå Stavåe var dei samde om, men kva når det var for lite vatn? Da kom spørsmålet opp om vassveita til Tofte gjekk over eigedomen til Lindsø, og om ikkje Tofte hadde brukt vatn frå Einbugga, som renn sør for garden? Det vart da stadfesta at Tofte hadde hatt ein vassgang frå Einbugga, men den hadde forfalle etter nokre år. Det var Simen Hansson Tolstad som hadde lagt den opp for omlag 30 år sidan. Gjelet i Einbugga gjorde det vanskeleg å legge fram vatn. Brukaren på Vesl-Tofte hadde grove si eiga vassveit frå teppa til Lindsø og Tofte, og vart derfor stengd ute når det var lite vatn. Det vart konstatert at sist i september og ofte midt på sumaren var det så lite vatn i Stavåe at ein knapt hadde til ei bekkekvenn. Det kom og fram at Lindsø hadde eit inntak til åkrane sine lenger ned i Stavåe. Saka vart utsett eit år, men kom aldri opp att på tinget. Mest truleg vart dei einige, Tofte vart i alle fall partseigar etter dette, og fekk rett på halve vatnet.
I denne saka ser ein at dei største var sterkast. Tofte hadde råd til prokurator, hadde eigne vitner og var ikkje så nøye på reglar. Lindsø hadde rett til vatnet frå åa i innmarka. Det som sto att var ein grensegang i utmarka, der effektiv sakføring og økonomiske musklar bestemde (ID 727). |