Historikk: | Matr. 1668: «Ullem med Stueflotten» drive av Østen Knutsson og det var oppført med «Qværn». I 1684 er Jon Østensen driver og samstundes kjøper han garden av lagmann Jørgen Phillipsen. Med i handelen var «underliggende Lille-Rusten» med ei bekkekvern. For dette skulle han årleg betale 8 sk i bygdsel til Jørgen Phillipsen.
Ved Matr. 1723 står det «Qværn hvorpå kan mahles til huusnøtte».
Etter fleire salg av eigendomen kjøpte Jesper Ingebrigtsson garden i 1744. Han var ein dugande gardbrukar, fekk garden på fote att, og flytta husa ned dit garden ligg i dag. I 1748 hadde tinget synfaring, og skriv at det var kvennhus, men at det måtte reparerast.
Sonen Erik Jørgensson (1747-1803) og kona Ragnhild Simensdatter (1756-1851) dreiv Ulheim frå 1775 til 1809. Enke Ragnhild skøyter garden over til sonen Jørgen Eriksson i 1809, med i handelen var ei «Qværn».
Kvenne ligg ved Kvennbekken like nord for garden , ned for brua på sørsida av bekken. Dammen til kvenne vart øydelagt da vegen kom. Ein må og tenkje på korleis vatnet kan ha runne frå oppgangssaga som låg like ovanfor brua. Det var ein tømra kvenndam med renne inn til kvenne. Inne i kvennhuset er det to par kvenner, intakt med kvennsteinar. Det andre inventaret er og på plass. Nederste stokken, på alle fire veggane, ligg nede i bakken og golvet har falle ned. Kvennhuset har bølgeblekk på taket.
På ein stokk over døra ute står det 1903. Kan hende vart kvenne restaurert da? Inne er det ei luke framfor lysgluggen der bokstavane «JESR» og talet «1809» er skore inn. Det er nok initialane til Jørgen Eriksson Rusten som overtok garden i 1809.
|