Historikk: | Matr. 1668: Peder 54/1 hadde to kvenner verdt 16 sk. og Jørgen 54/2 hadde ei kvenn. Matr. 1723: Peder 54/1 hadde ei Qvern, og Hans 54/2 hadde ei Qvern.
Tallerås har vore felles i lange periodar sjølv om garden og har vore delt. Kvennbruk og andre småhus har nok vore felles, og til tider hadde garden tre kvenner.
Storofsen 1789: "to kvernhus bortskyllet".
Ein finn i ei odelstakst frå 1845: " Det til hele Gaarden hørende Qvernbrug er ikke Aargangs." Tufta er god å sjå, det ligg att tømmerrestar og stein. |