Opplysninger om Nørdre Blæstra 14/1.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 621 |
Område: | Vestsida nord for Jøndalen |
Plassering: | Blæsterbekken |
Koordinater: | 32V 0504564 6880890 |
Bruk: | Kvenn |
Historikk: | Blæsterbekken startar innanfor Hardeggsætrene på sørsida av Hardeggkampen. Blæsterbekken har nok til tider hatt stor vassføring, og vi finn fleire rester etter trerenner og tømmerstokkar nedover bekken. Denne kvenne ligg eit stykke ovanfor garden på sørsida av bekken. Knut Martinsson Blestrud og Knut Knutsson Storbakken selde både retten og kvenne i Dombfossen i 1898. Slik kan vi tenkje at denne kvenne i Blæsterbekken vart sett opp på slutten av 1800-talet, også fordi det er mykje restar å sjå. I bergveggen bak og ovanfor kvenntufta er det rissa inn: "M M S B 1 8 ? ?". Usikkert kva det betyr, men Martin er eit navn som gjekk att i Blæstra. Ovanfor kvenne (30-40 m) finn ein steinar som tydeleg har vore renne for vatn inn til kvenne. Det har nok òg vore ein dam øvst. Det er tydeleg veg fram til kvenne. |
Eiere: | Red GG Merete, ABj 17.10. GG |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | Tømmer |
Størrelse: | |
Kilde: | Øystein og Elin Barås, Ingmar Groven, Gunnar Bentdal, A B, MK, Gardsbok |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |