Historikk: | På garden er det funne ei godt brukt skjeltreku, og ein har funne ein trebit oppi skogen som truleg er frå ei vassrenne. Den er tydeleg kappa og uthola. Kjelda er ei oppkomme men det kjem vatn inn frå fleire kantar. Her er det ein mura steinkum.
I kjøpekontrakt frå 1878 står det i eit punkt: "Vandrender eller Rendegangen, der er anlagt paa Gaarden (...) tilhører Kjøberen ifølge Handelen." Vatnet måtte leiast inn frå oppkommer oppe i lia innunder ura. Det er funne muringar av stein som vassrenner kan ha lege oppå.
BLÃ… RUTE!!:
"Ein vinter hadde dei laga nye vassrenner, som vart lagra oppe i lia. Om våren såg folka at det gjekk eit steinsprang og at ei steinblokk gjekk i retning der vassrennene låg. Folka på garden frykta at vinterens arbeid var øydelagt, men ved ettersyn viste det seg at steinblokka hadde delt seg og gått på kvar side av dei nye vassrennene." På 1970-talet vart det grave ned slange frå kjelda og ned i brunnen ved garden. Kvar vår var denne utsett for frost. I dag har garden borevatn til hus og fjøs, samt vatningsanlegg frå Ryddølsåe.
|