Opplysninger om Øya-saga.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 636 |
Område: | Grimsdalen og Haverdalen |
Plassering: | Myrbekken i Atndalen |
Koordinater: | 32V 0552860 6879957 |
Bruk: | Oppgangssag med sjølvtrekk |
Historikk: | Opprinneleg var det ei kvenn som tilhøyrde Stadsbuøyen som stod her. Vassinntaket til kvenne vart og vassinntaket til saga.
"Ivar Knutson Stigen frå Dovre eigde Øvre Sveen 168/1 og Setra 171/4 i Atndalen. Sonen Gammel-Knut overtok gardane i 1846. I 1836 hadde han fått Kongeleg bevilling på bygging av sagbruk i Myrbekken, og var pliktig å skjera tømmeret til dei dovringane som setra i Grimsdalen. Mykje grov og stygg fjellkragg fekk han handtere på oppgangssaga si som hadde eitt blad og sjølvtrekk." Hans Bergseng har skrivi: "Denne lokaliseringa av saga gjorde vel at det meste av tømmeret som skulle sagast til grimsdølane,
var frå Dovre-Atendalsallmenningen, og var truleg ein del av årsaken til den lokalt harde uthogginga før utskiftinga". Etter århundreskiftet vart oppgangssaga bygd om til sirkelsag med to sagblad og turbindrift. Saga var i drift fram til 2.verdenskrig. I dag er heile saghuset rasa saman, men det står at mykje av sagutstyret. Vassvegen inn er omlag 200 meter lang. Myrbekken fører mykje årsikkert vatn, den frys aldri til om vinteren. Men det er særs lite fall i det myrlendte strøket, så dei måtte lage fall til kvenn og sag. Store damstokkar ligg att enda. Frå dammen er det grave ei djup og brei grøft, jamsides bekken. Det ser ut til å ha vore tak over den lange grøfta. Den var da fri for snø om vinteren, og det isolerte slik at vatnet ikkje fraus til i grøfta. Saga kunne derfor brukast om vinteren. Når den store vassmengda gjekk over i trerenna, vart det såpass fall at både kvenn og sag gjekk. |
Eiere: | Red AB, Merete |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | GG, MK, Bjørn Wegge, Bygdebok for Folldal 2 + 3, Kirstine P. Tallerås, Hans Sletten, Dovrebygde 2012 |
Registrert av: | m killi |