Historikk: | Ola Brækken (1912-1981) tok over garden Rusthaugen 63/5 etter foreldra i 1942, og dreiv til han døydde i 1981. Han bygde sagbruk og dreiv lastebiltransport. Når han bygde saga er noko usikkert, men i dagboknotatene etter Mathias Trondsen skreiv han 7/2-1944: "På O.Brekken`s sag". På flyfoto ser ein at saga er i full drift i 1958, og truleg ute av drift sist så på 1970-talet. Saga gjekk på straum. Ola kom ut for ei arbeidsulykke der han saga av seg tre fingrar i 1950.
Bjørn Brenden overtok garden i 1995. Saga måtte vike plass for ny E6. |