Historikk: | På Budsjord står sjølvtrekksbenken etter saga. Det var ei sirkelsag drive av ein oljemotor. Velta var naturleg frå ein liten haug. Saga var brukt ut på 1970-talet. Einar Killi (28/3), Aksel Killi (29/1), og truleg Korsvoll (24/1) og Skeie (25/1) hadde nok bruksrett på saga. Ola Skrugstad var med på saga, han fortel:
" Det var ei renne frå Grotåa som rann inn til ein stamp der vatnet for avkjøling vart lagra. Når stampen vart full vart det for kaldt til å få start på motoren. Det var vanskeleg å få start, ofte måtte dei få hjelp av Almli som sa: "Riv ned att detta derre der da, en bli så kald at`n har kje sjans te å gå." Loddelampe måtte dei ha, for "i det heile tatt" å få start på oljemotoren.
""HMS" var eit ukjent begrep, ein gong stoppa Bjørner Vigerust ekertane med eit par nye sko, som ikkje vart nye lenger. Eg var med på saga som flisgut, da tok eg unda flisa under saga.
Da oljemotorane kom vart det slutt på vassdrivne sager og det var godt, for Grotåa hadde berre ei viku med nok vatn i året."
Da oljemotoren skulle bort på Sagtomta, Ola Skrugstad var med og fortel:
"For å få oljemotoren over Lågen og bort på Sagtomta brukte oss tre hestar, men over Killibrue gjekk det tungt. Oss måtte "burt på Strandbu" der oss kjøpte all grønsåpa døm ha og klinte på heile kjøyrebana over brue."
Ein oljemotor var bygd av råjern, hadde ståande sylinder og store hjul. Simen J. Hagevold var stort sett sagmeistar, Johan Hjerkinn var bakgut og eg flisgut. Det vart saga jernbanesviller av all grovskogen. Det vart ofte fire sviller i ein rotstokk. Svillene var klassifisert i A,B,X,C,D og vekselsviller. Sviller vart levert til rundt 1990. |