Historikk: | Oppgangssaga i Ryddølsåe stod på Sagbakken, mellom åa og vegen ned til grustaket. Før Storofsen kan saga ha vore litt lengre opp og nærmare åa.
Den 2/10-1747 hadde eigaren av Ryddøla, Jesper Mikkelson, inngått kontrakt med Haugen Søre 64/1 og Haugen 48/1 på Dovre angåande ei sag.
3/7 1748 skøyter Jesper Mikkelson over 1/3 av ei sag i Ryddølsåe for 14 rd til Ole Korsvoll og Ola Martinsson Korsvoll. Jesper Mikkelson døyr i 1751.
På tinget den 7/7-1757 kom det opp at det var ei oppgangssag ved Ryddølsåe på odelsgrunnen til Rindal (Ryddøla). Den var bygd i 1748-49. Eigarar var Svend Haugen frå Haugen Søre 64/1, Johannes Haugen frå Haugen 48/1 på Dovre, samt postbøndene frå Korsvoll. Her kunne dei sage 5-6 tylfter eller 300 bord. På hausttinget 21/9-1757 vart den årlege skatten sett til 1 mark.
I 1769 skøyter Johannes Haugen garden Haugen 48/1 over til svigersonen Lars Toresson, med i handelen var og 1/3 i sagbruket.
I 1789 under Storofsen vart saga skada, noko som står i skadetaksten både for Haugen og Ryddøla.
Ut på 1800-talet vart saga sett opp att, men nå var Ryddøla eigar.
Trygve Rødølen fortel til Sefrak i 1980: "Bygging av saga var nok på 1800-talet. Saga var fyrst oppgangssag, men vart etter kvart vassdrivi sirkelsag. Ein gong på 1930-talet var det brann på saga. Saga var i drift til fyrst på 1930-talet. Restar av tømmer og konstruksjonen som heldt renna synest enda. Renna var 70-80 cm brei, og nedi renna var det ei luke som ein opna når saga skulle stoppa. Det synest og restar av støypte pilarar som heldt skovelhjulet, og restar av hjulet og drivhjulet."
Dette vart nok burte og øydelagt da vegen ned til grustaket og kraftverket kom, men ein ser enda steinmurar på tufta.
|